Det siste halve året har vert ei underleg og utfordrande tid for mange. Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster, inviterer alle medlemsbedrifter til ein digital morgonkaffi om tida som har vore og tida som kjem.
Temaet for den digitale samlinga er: Korleis kan Hub for Ocean, Ocean Hyway Cluster, og verkemiddelapparatet best bistå i det vidare utviklingsarbeidet? Vi inviterer til ein uformell prat der alle kan komme med innspel og få ei oversikt over relevante støtte- og kompensasjonsordninger.
Medlemsbedrifter melder om at det er utfordrande å få oversikt over kva ordningar som er relevante å søke på. Ei oversikt over relevante ordningar kjem kort til å bli presentert på “Kaffi med Stein” og sendt ut i etterkant.
Program
10:00 - 10:10 Introduksjon
10:10 - 10:20 Kort oversikt over støtte- og kompensasjonsordninger
10: 20 - 10:45 Open debatt om den vidare satsinga
Fyll opp kaffikoppen og bli med 10. juni! Alle medlemsbedrifter i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster får lenke til arrangementet på tilsendt på e-post i juni.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Siri Odijk Solbakken dersom du lurar på noko.