Tilbake til alle arrangementer

Karrieremesse i Bergen

Hub for Ocean deltek på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen.

Tid: 4. februar 18:00 - 21:00
Stad: Grieghallen, Edvard Griegs plass 1, 5015 Bergen


IMG_0343 - 2.jpg

I år er deltek 90 ulike bedrifter i Bergen. Det er ny rekord! Høg aktivitet og eit stort potensiale for utvikling gjer at bedriftene er fokusert på å finne kompetent arbeidskraft.


Studentar og arbeidssøkande blir møtt av engasjerte bedrifter, spennande jobbar og 32 attraktive traineestillingar. Det er forventningar om eit stort oppmøte i Grieghallen 4. februar. Stein Kvalsund og Siri Odijk Solbakken stiller på vegne av Hub for Ocean og medlemsbedriftene. I forkant har Hub for Ocean laga ei oversikt over medlemsbedriftene sitt behov for kompetanse.


Det er stor stas å reise på karrieremessa med over 30 stillingar frå medlemsbedriftene i baklomma. Det vitnar om at bedriftene er i utvikling, seier Odijk Solbakken


Karrieremessa startar 18:00. Her blir det mingling, stands og korte foredrag fram til 21:00. Her kan du sjå kva bedrifter som deltek. Tips gjerne aktuelle kandidatar om å ta turen til karrieremessa og standen til Hub for Ocean. Stein Kvalsund og Siri Odijk Solbakken kjem til å ta dei godt i mot. Karrieremessa er eit gratis arrangement der du kan treffe din framtidige arbeidsgjevar, ete god mat og vinne flotte premiar.

IMG_0359 - 1.jpg
Forrige
Forrige
29. januar

Temamøte – Havteknologi i fokus

Neste
Neste
20. april

Digital workshop: Berekraft som konkurransekraft