Dato: 18. februar 2021, 09:30 - 10:50
Kor: Digitalt på Microsoft Teams
For kven: Eksklusivt arrangement for medlemmer i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster
Hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster har signert ein partnarskapsavtale med Advokatfirmaet Selmer. Avtalen gjev medlemsebedriftene i klynga store fordelar. Saman med Selmer inviterer vi medlemmer til webinar torsdag, 18. februar.
I tillegg til ein introduksjon av Selmer og medlemsfordelane, fokuserar vi på to tema:
Notering på Euronext Growth: særleg for nye energi- og teknologiselskap blir Euronext Growth (tidlegare Merkur Market) sett på som ein av de beste moglegheitene for å hente pengar. Selmer sin finansmarknadsavdeling har sett ein kraftig utvikling og auka interesse dei siste månadane.
MOU/ LOI – ikkje bindande avtaler: Intensjonsavtaler mellom ein eller fleire partar. Kva er føremålet med desse avtalane, og kva bør dei typisk innehalde?
Webinaret er eksklusivt for medlemmer i Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean. Medlemmer får tilsendt lenke til Teams-møtet på e-post.
Agenda
Introduksjon av Advokatfirmaet Selmer og partnarskapen med OHC (5 – 10 min)
MOU / LOI – ikkje bindande avtaler v/ Norman Hansen Meyer, Partnar Advokatfirmaet Selmer (30 min)
Oversikt over krava og prosessen knytt til opptak til handel på Euronext Growth Oslo v/ Andreas Jarbø, Partnar Advokatfirmaet Selmer (30 min)
Q&A`s (10 minutt)
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt.