Hub for Ocean deltek på Framtidsfylket si store rekrutteringsmesse i Trondheim.
Tid: 27. januar 09:00 - 15:00
Stad: Realfagsbygget, NTNU Gløshaugen, Trondheim
I år er det rekordstor deltaking på messa, med 35 ulike bedrifter frå mange bransjar. Stor deltaking har sin grunn i relativt høg aktivitet og eit stort framtidig utviklingspotensiale langs Vestlandskysten. Rekruttering av kompetent arbeidskraft er eit viktig fokusområde og vil bli enda viktigare i åra som kjem. Her finn du oversikt over bedrifter som deltek på rekrutteringsmessa.
Messa går føre seg i Realfagsbygget på NTNU på Gløshaugen. Her klekkast det ut sivilingeniørar med svært høg kompetanse innan ei rekke fagfelt. Her vrimlar det av studentar. Framtidsfylket og dei ulike bedriftene har promotert arrangementet godt på førehand og standdeltakarane gjer seg klare til storinnrykk.
Trond Strømgren stiller for Hub for Ocean og skal gi jernet for å rekruttere dyktige sivilingeniørar og andre til ledige stillingar hos medlemsbedriftene. Han har med seg om lag 30 ulike stillingar i baklomma.
Eg lovar å hanke inn så mange som mogeleg til Hub for Ocean sin stand og informere om interessante stillingar, innovasjonspotensiale og eit herleg fylke der det ligg til rette for varierte aktivitetar høgt og lågt også utanom jobb, seier Strømgren.
Rekrutteringsmessa startar kl. 09:00 med ein serie inspirasjonsføredrag og held deretter fram med besøk på stand fram til kl. 15:00. Dersom du veit om personar i Trondheim som er på utkikk etter (ny) jobb, så gje dei eit tips om messa. Trond Strømgren og dei andre på stand skal ta godt imot alle som kjem.