Tilbake til alle arrangementer

Digital skriveverkstad: SkatteFUNN

På grunn av koronasituasjonen blir SkatteFUNN-kurset som var planlagt gjennomført i Florø onsdag 22. april, erstatta med eit digitalt kurs og ein-til-ein samtalar. Arrangementet er gratis, men du må melde deg på kurset og bestille ein-til-ein samtale med rådgjevar i Forskingsrådet om du ønskjer det.


Skal bedrifta di utvikle ei ny eller betre vare? Skal du skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter i forbinding med ei utvikling? Då kan det vere aktuelt å søke skattefrådrag gjennom SkatteFUNN. Forskingsrådet arrangerer denne våren digitale SkatteFUNN-kurs. Kursdagen er todelt, og består av ein informasjonsdel og ein-til-ein møter. Saman med Hub for Ocean, Ocean Hyway Cluster og Aksello inviterer vi deg til ein digital SkatteFUNN-dag.

Dato: onsdag, 22. april, 09:00 - 15:30.
Stad: Den digitale plattformen Teams.
Påmeldingsfrist: fredag, 17. april, kl. 13:00.


Todelt kursdag

Magiske kuber - SkatteFUNN2020 (003.jpg

På kurset får du lære meir om SkatteFUNN, og om korleis forsking og utvikling kan bli ein del av innovasjonsprosessen i bedrifta di. Kursdagen er todelt, og består av ein informasjonsdel og ein-til-ein møter. I informasjonsdelen går vi gjennom kva type utviklingsaktiviteter som er omfatta av ordninga, og du får eksempel på SkatteFUNN-prosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt. Det vert òg informasjon om endringane i ordninga som er innført frå 2020.

I ein-til-ein samtalane møter du rådgjevarar frå Forskingsrådet og får råd om korleis du set opp eit godt prosjekt og fyller ut eit søknadsskjema. Om du ikkje har idéen til SkatteFUNN-prosjektet ditt heilt klar, kan du lufte den med rådgjevarane. Du kan bestile tidspunkt for individuell samtale ved påmelding. Om ingen av tidspunkta i påmeldingsskjemaet er aktuelle for deg, eller om dei er opptekne, kan du be om at vi tek kontakt med deg på eit seinare tidspunkt.

 

SkatteFUNN

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknader til ordninga har problemstillingar innanfor alle fagområde. For å søke om skattefrådrag må prosjektet:

  • vere målretta og avgrensa

  • utvikle eller forbetre varer, tenester eller produksjonsprosessar

  • skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter, eller nytte eksisterande kunnskap eller ferdigheiter på ein ny måte

  • vere til nytte for bedrifta

SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Du finn meir informasjon om ordninga her.

Forrige
Forrige
20. april

Digital workshop: Berekraft som konkurransekraft

Neste
Neste
27. april

POSTPONED: Study Tour to Orkney - Marine Energy and Hydrogen