Når: Onsdag, 17. mars kl. 13:00-14:00
Kor: Kantina, Odd Fellow-bygget, Måløy
Påmelding for medlemsbedrifter her.
Hub for Ocean ønsker å invitere medlemsbedriftene i Måløyområdet til Vårtreff.
2020 var eit spesielt år for alle og vi ønsker å legge til rette for ein uformell prat om året som gjekk og tida som kjem, og dette er eit ypperleg høve til å komme med innspel til Hub for Ocean og kva vi kan bistå med framover.
Arrangementet er gratis for medlemsbedrifter i Hub for Ocean og vil bli holdt i tråd med gjeldande smittevernreglar. Vi har derfor eit tak på maks 20 personar for å kunne halde god avstand.
Program
13:00 - 13:05 Introduksjon
13:05 - 13:10 Presentasjon av nye personar i organisasjonen
13:10- 13:35 Runde rundt bordet med året som gjekk og planar for 2021
13:35 - 14:00 Diskusjon: Korleis Hub for Ocean kan bistå i det vidare utviklingsarbeidet?
Smittevern
Hub for Ocean tek smittevern på alvor. Vi legger opp til møte for våre medlemsbedrifter i Måløymiljøet for kortast mogleg reiseveg.
For enkelt å halde minimum 1-meter avstand er det sett eit tak på maks 20 deltakarar. Her er det første mann til mølla som gjeld! Du melder deg på her.
Vi fører liste over alle som er til stades for å gjere det mogleg med smittesporing dersom det blir naudsynt.
Desinfeksjonsvæske kjem til å vere utplassert.
Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon må du halde deg heime.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko.
Miriam Edler
Profileringskonsulent
E-post: miriam@hubforocean.no
Telefon: 993 91 599