Tilbake til alle arrangementer

Workshop Florø U40

Kvar: Vesle Kinn, Strandgata 28
Når: 9. mai kl. 18:00 - 20:00

Korleis kan Florø og omegn bli endå meir attraktiv for tilbakeflyttarar, tilflyttarar og potensielle tilflyttarar under 40 år? Vi vil gjerne høyre dine meiningar om dette i ein workshop på Vesle Kinn 9. mai! Du kan vere med på å bestemme korleis dette unge nettverket kan utvikle seg, noko som er ein stor verdi både for deg, oss, dine vener, bekjente og området.

Saman med næringslivet har vi starta prosjektet FlorøU40 som er eit ungt nettverk for dei som bur og jobbar i Florø og omegn under 40 år. FlorøU40 har som mål å gjere Florø og omegn endå meir attraktivt og skape bulyst, fremme tilbakeflytting og tilflytting samt hindre utanforskap.

Korleis skal vi få dette til saman? Under workshopen håpar vi at vi får avdekka fleire gode idéar!

Bruk gjerne påmeldinga under:

Dørene opnar kl. 17.30; ei unik moglegheit for å mingle og knytte relasjonar før vi byrjar. Ser deg der!

Aksello - Kinn kommune - Kurs KF - Sparebanken Sogn og Fjordane og Eigedomsmekling - Norwell - Bravo Seafood - PwC - Hub for Ocean - Linja - Fjord Base - Vesle Kinn


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Forrige
Forrige
20. april

Årsmøte 2023

Neste
Neste
10. mai

Innflytningsfest på Hamnehuset