2 millionar kroner i støtte til berekraftig næringsutvikling i regionen
Stein Kvalsund og Jo Dale Pedersen
Foto: Sparebank 1 Sogn og Fjordane
Vi er svært glade og takknemlege for å ha fått tildelt 2 millionar kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Midlane er gjevne på bakgrunn av søknaden Berekraftregionen - frå ressurs til verdiskaping, og er eit viktig bidrag til å styrkje arbeidet med grøn omstilling og framtidsretta næringsutvikling i regionen.
Set fart på den grøne omstillinga
– Med denne tildelinga set vi fart på den grøne omstillinga i regionen. Vi satsar offensivt på sirkulærøkonomi, hydrogen, restråstoff og kunstig intelligens for å kutte utslepp, skape nye lønsame arbeidsplassar og utvikle framtidsretta teknologi. Dette handlar om å ta leiarskap, byggje konkurransekraft og gjere regionen til ein tydeleg pådrivar innan berekraftig næringsutvikling, seier dagleg leiar Stein Kvalsund.
Støtta gir rom for å samle og vidareutvikle samarbeid mellom offentlege og private aktørar i regionen, og for å konkretisere tiltak som kan bidra til både redusert klimabelastning og auka verdiskaping. Regionen har sterke industriaktørar, tilgang på fornybar energi og solide kompetansemiljø. Dette er føresetnader som gir eit unikt utgangspunkt for å utvikle nye, grøne verdikjeder.
Satsinga er tett kopla til nasjonale og regionale mål for klima og omstilling. Noreg skal redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent innan 2030, og arbeidet som no blir styrka gjennom støtta frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, skal bidra med løysingar som både kuttar utslepp og skapar ny næringsaktivitet.
Vil styrkje sirkulærøkonomi og framtidige arbeidsplassar
Sparebank 1 Sogn og Fjordane peikar på betydinga av samarbeid og effektiv ressursbruk for å lukkast med overgangen til ein meir sirkulær økonomi:
– Sparebank1 Sogn og Fjordane vil gjere det enklare for bedrifter å velje sirkulær bruk av ressursar. Jo fleire som kan gjere seg nytte av ein og same ressurs, jo betre økonomi blir det, og vi vil alle nyte godt av eit lågare utslepp. Sirkulær økonomi krev ofte eit godt samarbeid, og gode eksempel på korleis ein kan lukkast. Vi vil med denne gåva støtte effektive løysingar for sirkulærøkonomi, og styrke grunnlaget for framtidige arbeidsplassar i regionen, seier banksjef bedriftsmarknad Jo Dale Pedersen
Ambisjonen er å gjere regionen til ein føregangsarena for grøn næringsutvikling, med sirkulærøkonomi, hydrogen og nye, digitale løysingar som sentrale byggesteinar. Tildelinga er eit viktig kvalitetsstempel og gir både tillit og kraft til å jobbe vidare med langsiktige, berekraftige løysingar for regionen.