Vestlandet har moglegheiter, og Westcon viser veg.
Ein haust på verftet i Florø
Her handhelser Dimana Westcon sin trainee Anna
Medan Lars frå PhotoEvent filmar dagen i regi av Framtidsfylket.
Denne hausten fekk traineen Dimana Helle oppleve industrikraft på nært hald då ho vitja Westcon Yard i Florø. Besøket gav eit tydeleg bilete av korleis tryggleik og stabilitet er grunnmuren i langsiktige satsingar, og korleis industristader som Florø spelar ei viktig rolle i Vestlandets framtid.
Westcon Yards AS er meir enn eit verft la ho merke til. Her blir det ikkje berre bygd skip og subsea-løysingar, men òg lokalsamfunn og framtidstru. Møtet med tilsette og leiarar var prega av varme, engasjement og ei klar visjon: å satse langsiktig og bidra til utvikling i regionen.
I Florø har Westcon lange tradisjonar som skipsverft. Tenestene spenner frå reparasjon og vedlikehald av skip og rigger til nybygg av offshore- og spesialfartøy. Med ein arbeidsstokk på rundt 230 tilsette og moderne fasilitetar som to dokkar, fleirbrukshallar, stålhallar og miljøstasjonar, er verftet godt rusta til å møte både dagens og framtidas behov.
Økonomisk er Westcon òg ein tungvektar i regionen, med ei omsetning på over 685 millionar kroner i 2025. Med si strategiske plassering ved kysten fungerer verftet som ei bru mellom tradisjonell skipsbygging og moderne offshore-løysingar. Samstundes er det ein arbeidsplass som trekkjer til seg kompetanse, sikrar busetjing og held hjula i gang i lokalsamfunnet.
Menneska bak maskinane
På møtet deltok ei rekkje engasjerte tilsette som kvar på sin måte representerer Westcons utvikling og verdiar:
Eduard, vedlikehaldsansvarleg, starta som lærling og har i løpet av 12 år oppnådd to fagbrev og ei arbeidsleiarstilling.
Fredrik, driftsleiar, byrja òg som lærling saman med Eduard i 2013.
Marie, avdelingsleiar i Naval Service og starta som trainee i Framtidsfylket i 2017.
Anna, HR-trainee gjennom Framtidsfylket, starta i august 2025.
Daniel, subsea-ingeniør, med tydeleg lidenskap for faget.
Ole Anders, avdelingsleiar på Subsea, med 20 års erfaring, fagbrev og ingeniørutdanning.
Og ikkje minst: HR-leiar Ninja, med eit strategisk blikk for utvikling.
Desse historiene viser korleis Westcon gir rom for karriereutvikling, ansvar og fagleg vekst, samt korleis verftet byggjer framtid gjennom menneska som arbeider der.
Frå lokalhistorie til nasjonal aktør
Westcon har vore ein del av kystens historie heilt sidan 1948. Sidan den gong har verftet rukke å skifte eigarar fleire gonger, men alltid halde på posisjonen som ein drivkraft i industrien. Då dagens eigarar tok over i 2013, vart verksemda samla under éi paraply, Westcon Group AS, som i dag består av sju selskap.
Det har vore travle hender og kloke hovud i arbeid: i 2015 kom ein splitter ny kai, og i 2025 vart det investert i ein moderne dokk som er med på å auke kapasiteten endå meir. Med satsingar som dette byggjer Westcon musklar i Florø, samstundes som det styrkjer rolla deira som ein nasjonal aktør. Westcon har med andre ord gått vegen frå tradisjonell verftsdrift til å bli ei framtidsretta industrikraft, der historie møter innovasjon.
Samstundes er arbeidsmiljøet yngre enn på lenge, noko som gir ny energi på verftet. Her er det høgt under taket, og rom for både horisontal og vertikal karriereutvikling. Sjølv om det framleis finst boksar som skal fyllast, er Westcon langt frå rigide. Dei ser etter menneske med vilje og driv, og gir moglegheiter til dei som vil gripe dei. Resultatet er eit miljø der vekst ikkje berre handlar om skip og industri, men òg om menneska som byggjer dei.
Psykologisk trygghet og langsiktig tillit
Det som verkeleg merkast når ein vitjar Westcon er stemninga. Her er det rom for å seie si meining, stille spørsmål og prøve nye idear. Den psykologiske tryggleiken mellom tilsette og organisasjonen er høg, og det gir grobotn for både trivsel og utvikling.
Westcon har òg bygd tillit langt utanfor Florø. Dei er kjende for å levere på forpliktingar, anten det gjeld Forsvaret eller Equinor. På Fjordbase har dei ei eiga avdeling med 10–12 tilsette som sørgjer for vedlikehald av utstyr, eit tydeleg døme på korleis langsiktig samarbeid og kvalitet står i sentrum.
Her handlar det ikkje berre om å byggje skip, men om å byggje relasjonar.
Det er kanskje den aller viktigaste investeringa av alle.
Trainee Anna viser stolt fram arbeidsplassen sin dette året.
Verftet som klasserom, og havet som inspirasjon
Westcon satsar tungt på folka som skal byggje framtida. Frå 90 fast tilsette i 2019 har verftet vakse til heile 230 i 2025, og reisa stoppar ikkje der. I dag har dei 10 lærlingar, men målet er å doble talet, særleg innan industrifag.
Samarbeidet med Flora vidaregåande skule er nøkkelen. Skulen har oppretta ein ekstra TIP-klasse for å møte behovet industrien har, og praksisveker gir ungdommen ein smak på arbeidslivet på verftet. Den tette dialogen med unge talent er ein del av strategien, nemleg å vise at industrien ikkje berre er viktig, men òg spanande og full av moglegheiter.
Ein historisk kontrakt og audmjuk optimisme
Bilete er tatt frå Kongsberg.
2024 var eit rekordår for Westcon då dei sikra 16 vedlikehaldskontraktar for Forsvarets fartøy, altså halvparten av heile flåten beståande av kystvaktskip og fregattar, med ein samla verdi på nær 700 millionar kroner.
Men det er 2025 som går inn i historiebøkene for Westcon. Då sikra dei seg ein 17-årig kontrakt med Forsvaret, med ei ramme på opptil 17 milliardar kroner. Avtalen gjeld vedlikehald og oppgraderingar av Nansen-klassen fregattar, og er ein milepåle som gir verftet langsiktig aktivitet og tryggleik heilt fram mot 2040. For ein nytilsett som byrjar i år, betyr det at kontrakten varer omtrent gjennom halve arbeidslivet – eit tydeleg signal om stabilitet og framtidstru.
Biletet er tatt frå Firdaposten.
I skrivande stund kom nyheita som ytterlegare stadfester Westcon si rolle som ein motor i norsk industri: dei har òg signert ein kontrakt med Dong Fang Offshore (DFO) i Taiwan om ferdigstilling av eit konstruksjonsfartøy, med levering i første kvartal 2027 og utrusting med moderne kabelleggingsutstyr og avansert teknologi. Kontrakten har ein verdi på heile 1.3 milliarder kroner og startar umiddelbart.
Men sjølv med kontraktar av dette omfanget, møter Westcon framtida med audmjuk optimisme. Dei ønskjer å vekse organisk - å byggje stein på stein – i takt med kompetanseutvikling, erfaringar og reelle behov. For dei veit at vekst ikkje skjer over natta, men krev tid, opplæring og dei rette folka på laget.
Og nettopp derfor blir vedlikehaldskontraktane meir enn berre arbeid. Dei vil fungere som eit slags «jobbintervju». Kvar leveranse er ei moglegheit til å vise kvalitet. Lukkast dei, står Westcon fremst i køen når nye anbodsrundar opnar seg.
Som subsea-ingeniør Daniel uttrykte det så fint: «Vi tek vare på dei.» Og nettopp denne haldninga – å byggje tillit og ta vare på både kundar og kollegaer – er kanskje den største styrken Westcon har med seg inn i framtida.
Ringverknadene merkast langt utanfor verftets portar. Når Westcon oppgraderer, får heile Florø eit løft.
Ein morosam bieffekt? Kiwi-butikken har auka omsetninga – eit lite, men hyggeleg prov på at alt heng saman i ein småby.
Lokalsamfunn som satsar på framtida
Westcon er eit bevis på at tryggleik og stabilitet kan gå hand i hand med innovasjon og vekst. Dei samarbeider aktivt med aktørar som Ocean Young, Aksello, U40, Fagskulen Vestland og HVL, og har alt fleire tilsette som nyttar tilbodet om desentralisert utdanning.
Denne typen samarbeid viser at industrien ikkje står åleine, men heller heng saman med både politikk, utdanning og livskvalitet. Når næringsliv og samfunn går i takt, blir resultatet ein stad der folk ikkje berre arbeider, men òg trivst og blir verande.
Florø er meir enn ein industriby; det er eit levande døme på korleis lokalsamfunn kan byggje framtidstru gjennom samarbeid, kompetanse og vilje til å satse. Westcon er på same vis meir enn eit verft - dei er ein del av eit større økosystem.
Som medlem av Hub for Ocean får Westcon tilgang til eit breitt nettverk i den blå næringa. Det gir samarbeid, innovasjon og synlegheit, samt understrekar at verftet ikkje står åleine, men er ein del av eit større økosystem som formar framtida for havnæringane saman med andre aktørar som deler den same visjonen.