Hub for Ocean og Hellenes Yard inngår ny samarbeidsavtale for å styrkje sirkulære verdikjeder i regionen
Foto: Hellenes Holding
Hub for Ocean inngår no ein ny og langsiktig samarbeidsavtale med Hellenes Yard. Avtalen skal gi kraft til vidare satsing på sirkulære verdikjeder og betre utnytting av ressursar i regionen, gjennom tettare kopling mellom industri, forsking og offentlege aktørar.
Hub for Ocean har om lag 130 medlemmar frå ulike delar av næringslivet både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og fungerer som ein sentral innovasjonsaktør som legg til rette for effektiv bruk av restråstoff, sidestraumar og energi. Saman med Hellenes Yard skal organisasjonen no løfte dette arbeidet vidare. Samarbeidet med Hellenes Yard skal bidra til å realisere nye løysingar og skape grunnlag for framtidsretta arbeidsplassar
Den nye samarbeidsavtalen har som mål å utvikle både samfunns- og miljømessig berekraftige løysingar for bruk av restråstoff, i tillegg til å bidra til nye sirkulære verdikjeder gjennom innovative metodar og teknologi. Ein sentral del av samarbeidet er etableringa av eit felles utviklingsfellesskap ved Hellenes Yard, som skal fungere som ein open arena for ressursdeling, kunnskapsutvikling og kompetanseoverføring.
“Dette utviklingsfellesskapet vil vere ein katalysator for det vi kallar sosial symbiose – eit strukturert samarbeid der ulike aktørar deler ressursar, erfaringar og kompetanse på ein måte som skapar meirverdi for alle partar", seier Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.
Agnar Hellenes, styreleiar i Hellenes Yard, peikar på verdien av det vidareførte samarbeidet:
Foto: Knut Ådne Røen
“Vi var mellom dei som stifta Hub for Ocean, og vi har sett korleis organisasjonen har teke initiativ som har hatt stor betydning for næringsutviklinga i heile regionen. Dei har lese glas kula med lupe og vist ein imponerande kreativitet som har gjort det mogleg for medlemmene å finne fram til funksjonelle samarbeid. Hub for Ocean har ikkje berre hatt prosjektleiarroller, men òg teke ansvar i fasen før prosjekta blir definerte – ved å samle aktørar, leggje til rette for deling av informasjon, erfaringar og ressursar, og dermed skape grunnlag for noko nytt. På verftet i Førde er det mykje som kan delast mellom delingsvillige aktørar frå heile regionen.”
Gjennom denne avtalen skal partane leggje til rette for innovasjon, nye forretningsmodellar og informasjonsdeling. Felleskapet skal inkludere både relevante næringsaktørar, forskingsmiljø og offentlege samarbeidspartnarar, og bidra til utvikling av kunnskap, teknologi og metodikk som kan nyttast i vidare innovasjonsaktivitetar.
Samarbeidsavtalen markerer eit viktig steg i retning av eit meir sirkulært og robust næringsmiljø i regionen, med mål om både nye arbeidsplassar, styrka konkurransekraft og meir berekraftige verdikjeder.