Enerin hentar 180 millionar til grøn industrivarme

 

Klimateknologiselskapet Enerin har sikra seg ein av dei største Series A-rundane i Norden i år: 180 millionar kroner (€15 million). Dette hende 26.november. Kapitalen skal brukast til å utvikle og starte serieproduksjon av høgtemperatur-varmepumper for industrien, og gir ein skalerbar veg til avkarbonisering.

Denne investeringa markerer vårt skifte frå pionerarbeid til full industrialisering, og gjer at vi kan ta gjennomprøvd høgtemperatur-teknologi frå Noreg ut til industrien globalt, seier Arne Høeg, grunnleggjar og administrerande direktør i Enerin AS.

I nær to tiår har Enerin arbeidd med å erstatte fossilbasert prosessvarme med elektriske varmepumper som kan levere opp til 250 grader. Teknologien, kalla HoegTemp, kan kutte energibruken med opptil 70 % og gjere det enklare for industrien å redusere CO₂-utslepp utan store endringar i drifta. Å erstatte fossilbaserte industrikjeler – som står for nær 20 % av globale CO₂-utslepp – er framleis ei av dei største utfordringane i energiomlegginga, mykje fordi vanlege varmepumper ikkje klarer å handtere dei varierte prosessvilkåra og dei høge temperaturane i industrien.


Sidan systemet vårt tilpassar seg ulike prosessvilkår, kan fabrikkar kutte utslepp utan å måtte endre drifta. Denne kombinasjonen av fleksibilitet og standardisering er det som endeleg gjer rein industriell varme tilgjengeleg og lønsam i stor skala, seier Høeg.

No skal Enerin ta norsk teknologi ut i den globale industrimarknaden. Løysinga har allereie testa av selskap som GE Healthcare, Pelagia og IVAR IKS Biogas, og er finalist i Empire Technology Prize i New York. Med kapitalen skal Enerin gå frå skreddarsydd produksjon til serieproduksjon og skalere teknologien globalt.

Enerin er no rygga av både finansielle og industrielle venturekapitalfond som Johnson Controls, Climentum Capital, Move Energy og The Footprint Firm, med deltaking frå Momentum Partners og PSV Hafnium. Saman lyfter investorar fram både det økonomiske og strategiske potensialet i teknologien, og kombinerer djup industriell erfaring med klimainnovasjon.

Biletet er henta frå LinkedIn-profilen deira.

For meir informasjon, ta kontakt med Arne Høeg, CEO Enerin.

Sjå heile pressemeldinga her.


 

Har du spørsmål?

 

Dimana S. B. Helle

Trainee kommunikasjon og eventkoordinering

+47 950 70 528

E-post

 

HoegTemp maskin

CEO og COO hos Mandal Maskinering Workshop

Forrige
Forrige

Hub for Ocean og Hellenes Yard inngår ny samarbeidsavtale for å styrkje sirkulære verdikjeder i regionen 

Neste
Neste

Jenter og Teknologi: 10-årsjubileum🎉