Jenter og Teknologi: 10-årsjubileum🎉
For ein dag det har vore! Den 6. november samla vi i Hub for Ocean i samarbeid med Kinn Kommune nesten 90 jenter ved Florø og Eikefjord ungdomsskule til jubileumsutgåva av Jenter og Teknologi her i Florø.
10 år med å inspirere nye generasjonsar til å ta plass i teknologiens utvikling - for eit meir inkluderande samfunn.
Vi hadde sett fram til denne dagen lenge, og forventningane vart verkeleg innfridde. Lokale rollemodellar stilte opp med engasjement og varme, og jentene fekk møte ei breidde av kvinner som jobbar innan teknologi og industri. Det vart gode samtalar, nysgjerrige spørsmål og mange aha‑opplevingar.
Til venstre: Ingeborg Skrefsrud, prosjektleiar for Jenter og Teknologi i fjor. Til høgre: Dimana Helle, årets prosjektleiar.
Biletet er teke av Egil Aardal frå Firdaposten.
Ei investering i framtida
Når berre 27 % av jenter vel teknologi- og IT-studiar på universitetet, er slike arrangement heilt avgjerende. Det handlar ikkje om evner, men om sjølvtillit og synlege rollemodellar. Difor er vi ekstra stolte over å kunne tilby ei trygg ramme der jentene kan utforske teknolgiens verd - og kanskje oppdage ein ny draum.
Lokalsamfunnet stilte opp
Vi merka tydeleg kor sterkt lokalsamfunnet står bak satsinga:
Marø Havbruk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Svanøy Havbruk og Svanøy Røykeri serverte kortreist aure
Kiwi kom med friske smoothiar
Som Synnøve frå Svanøy Havbruk sa: «Det pleier å lønne seg å satse på framtida sjølv om det alltid er nok å gjere i kvardagen.»
Ein dag med inspirasjon
Dagen inneheldt gode samtalar, engasjerande foredrag og god mat – alt lagt til rette for å skape ei trygg og inspirerande ramme der jentene kunne utforske teknologiens moglegheiter. Med dette håpar vi å vise at det er plass til dei i teknologiens verd – også her i distrikta.
Jentene møtte kvinnelege rollemodellar frå:
IT Forum Vest og HVL,
Aksello og
Eikefjord‑gruppa stakk av med årets premie for å vere best førebudd - med gode spørsmål, engasjement og høflegheit. Premien? Eit bedriftsbesøk hos Cargill!🌟
Resultata talar for seg
Mot slutten av dagen køyrde vi ei mentimeter‑undersøking.
Før arrangementet var det svært få som svarte «svært sannsynleg» på om dei kunne tenkje seg ei utdanning innan teknologi.
Etter dagen hadde talet dobla seg, og berre 4 svarte «ikkje sannsynleg».
Det er akkurat slike resultat som gir oss energi til å halde fram!
Framover
Jenter og Teknologi handlar om meir enn ein dag - det handlar om å byggje framtida. Vi treng fleire kvinner i teknologi, ikkje berre for likestillinga si skuld, men fordi framtidas løysingar krev nye perspektiv og breiare representasjon.
Vi ser tilbake på jubileet med stoltheit og glede, og framover med håp.
Takk til alle som bidrog, og ikkje minst til jentene som møtte opp med nysgjerrigheit.
Her står Marø Havbruk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Svanøy Havbruk og Svanøy Røykeri og deler ut fantastiske smakebitar til elevane!
Biletet er teke av Egil Aardal frå Firdaposten.
Om du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med
Dimana S. B. Helle