Bli kjend med Dimana

 

I midten av august starta Dimana Helle hos oss i Hub for Ocean som trainee innan kommunikasjon og eventkoordinering.

Etter å ha budd i Florø i snart ein månad, har vi endeleg gleda av å la dykk bli betre kjend med vårt tilskot.


Dimana kjem frå Sandefjord, men har røter frå Bulgaria. Ho er snart ferdig med ein mastergrad i statsvitenskap med fordjupning i strategisk kommunikasjon og internasjonal handel med sjømat frå UiT. Parallelt med masterstudiet tek ho også eit årsstudium i digital økonomi og leiing ved HVL i Bergen.

Ho har alltid vore eventyrlysten og takker gjerne ja til spennende moglegheiter ved sidan av studia. Det har ført henne til både Aix-en-Provence som utvekslingsstudent ved Sciences Po, og vidara til både Helsingfors og Stockholm som trainee. Nå har ho pakka kofferten (igjen) og flytta til Florø - klar for nye eventyr langs kysten.

Og vi må berre seie det: vi er veldig glade for å ha henne med på laget!

 
 

Kva var det med stillinga i Hub for Ocean som lokka deg til å flytte til Florø?

Vestlandet får hjartet mitt til å banke litt ekstra. Etter å ha budd i Bergen i to år, visste eg at eg måtte halde meg i regionen…det er noko med naturen, menneska og næringslivet her som gir meg energi!

Og då eg kom over stillinga i Hub for Ocean, kjente eg med ein gong at den traff midt i blinken. Kombinasjonen av innovasjon, havnæring og eit engasjert fagmiljø gjorde det lett å pakke kofferten og sette kursen mot Florø.

 

Kva ser du mest fram til i den nye rolla di her på Hub for Ocean?

Eg synest det er utruleg moro å jobbe kreativt og tenkje utanfor boksen, og her i Hub for Ocean kjenner eg verkeleg at ideane, meiningane og anbefalingane mine blir lytta til og tatt på alvor. Sjølv om eg berre har vore her i snart éin månad, har eg allereie fått stor tillit og ansvar.

Eg har blitt utpeikt som prosjektleiar for to viktige arrangement: Jenter og Teknologi i samarbeid med Kinn kommune no i november, og den Maritime Hydrogenkonferansen i april neste år. Det er inspirerande å få vere med og forme slike prosjekt frå A til Å, og eg gler meg til å forvalte den tilliten på best mogleg måte.


Og så må eg berre seie det: utsikta frå kontoret mitt er heilt nydeleg!

 

Du har budd i Florø i ein månad no, har du funne ein favorittstad?

Eg må innrømme at eg gler meg til fleire turar med ferja - det er noko heilt eige med å stå ute i frisk sjøluft og nyte ei skikkeleg god svele. Det har blitt ein liten favorittaktivitet!

Når vêret spelar på lag, blir det også nokre seilturar for å oppdage meir av vakre Florø og området rundt. Eg har faktisk fanga min aller første fisk her! Naturen her gir både ro og spenning, og eg kjenner meg klar for å utforske endå meir av det kysten har å by på.

Kva er noko du gler deg til å oppleve eller utforske i Florø?

Eg gler meg til å utforske øyane rundt. Kalvåg har allereie gjort inntrykk, og eg ser fram til fleire turar dit og til andre perler. Eg gler meg også allereie til neste sommar - då skal eg sitje på første rad under Kinnspelet!

Ellers i Florø har eg oppdaga fleire fine stader der eg kan sitje med strikketøyet og ein kopp kaffi når haustregnet kjem. Det er slike små, men ekte opplevingar som gjer kvardagen ekstra fin.

 

Har du ein artig fun-fact om deg sjølv som vil overraske oss?

Då eg var 13 år, auditiona eg til Norske Talenter fordi eg var heilt sikker på at eg song som Demi Lovato (frå Camp Rock).

Spoiler: Det gjorde eg ikkje. Men eg fekk ein god dose sjølvironi som har vore nyttig sidan! :)

 

Har du spørsmål?

Dimana S. B. Helle

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering

+47 950 70 528

E-post

LinkedIn

 
 
Neste
Neste

Strukturplast AS er nå NORSmaterials AS