Origod får 2 millionar til FRAM-prosjektet: eit krafttak mot utanforskap blant unge

 

I over 50 år har Origod arbeidd for å gi mennekse som fell utanfor samfunnet ein ny sjanse.

I dag står 163 unge mellom 16 og 29 år i Kinn kommune utan jobb eller utdanning - eit tydeleg signal om at noko må gjerast.

Med varme, tid og realistiske mål vil Origod vere med på å snu utviklinga og gi ungdom eit nytt håp om meistring og deltaking.


Med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tek Origod eit viktig steg vidare i arbeidet med å løfte unge ut av utanforskap. Gjennom FRAM-prosjektet skal dei skape nye moglegheiter for ungdom som slit med å finne sin plass. FRAM startar det treårige prosjektet hausten 2025. Med base på Aktivitetssenteret Havglytt i Florø vil samskapning, meistring og utvikling stå sentralt. Målet er å gi kvar enkelt deltakar verktøy til å meistre kvardagen og utvikle eigne ressursar.

Dette er eit pilotprosjekt der samskaping og individuell tilpassing står står i sentrum. Prosjektet rettar seg mot ei usynleg gruppe som står utanfor jobb, utdanning og offentleg støtte - og som ofte fell mellom alle system. Deltakarane får tilbod om eit tre-trinns program som skal gi struktur i kvardagen, styrka meistringskjensle og byggje kompetanse:

  1. Trinn ein: Mestringsarena, som kan vere å gå tur og få struktur på kvardagen

  2. Trinn to: Utvikle praktiske og sosiale ferdigheiter, som til dømes strandrydding

  3. Trinn tre: Bygge kompetanse og bli kvalifisert for utdanning eller jobb

Målet er å gi kvar enkelt deltakar verktøy til å meistre livet, på sine eigne premissar.


Leni Anita Notø, Havglytt

Foto: Origod

“Det er ikkje alle som kan jobbe 100 %, men alle skal oppleve meistring og eit betre sosialt liv”, sier Leni Anita Notø, som er dagleg leiar i AFT-avdelinga i Florø og aktivitetssenteret Havglytt.


Frå venstre: banksjef Ole Aukland og rådgiver Roger Bareksten frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane. I midten står dagleg leiar i Origold, Ola Teigen.

Foto: Dag Frøyen / Firdaposten

Har du spørsmål?

Kontakt administrerende direktør i Origod

Ola Teigen

+47 975 48 023

E-post

 
Forrige
Forrige

Bli kjend med Maria

Neste
Neste

Bli kjend med Dimana