Bli kjend med Maria

 

I august starte Maria Johansen hos oss i Hub for Ocean & Ocean Hyway Cluster som Business Development Manager.

Etter snart to månadar i laget har vi hatt gleda av å bli kjende med Maria - og no får de óg sjansen til å bli betre kjende med henne og det ho brenn for!

 
 

Med doktorgrad i ryggen arbeider Maria med å utvikle nye samarbeid, partnarskap og prosjektinitiativ retta mot nasjonale og europeiske program. Ho har eit særleg engasjement for korleis KI og syntetisk intelligens kan bidra til det grøne skiftet - spesielt gjennom maritime løysingar. Maria er også ansvarleg for vår nye satsing innan Maritim AI, så gled dykk til spennenande oppdateringar som kjem!

Med base i Bergen er ho klar til å bidra!

 
 
 

Kva var det med stillinga i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster som gjorde at du ville flytte til Vestlandet?

Det var kombinasjonen av framtidsretta teknologi, grøn maritim utvikling og moglegheita til å bidra i eit sterkt innovasjonsmiljø som verkeleg trigga meg. Vestlandet er hjartet av maritim og energirelatert utvikling, og her finst det òg eit stort potensial for å ta i bruk kunstig intelligens i maritime næringar. Å få vere ein del av dette, tett på både industrien og innovasjonsmiljøa, gjorde at eg ville flytte hit.

 

Kva ser du mest fram til i den nye rolla di her?

Eg ser fram til å byggje nettverk, knyte saman partnarar på tvers av bransjar og utvikle prosjekt som kan gi reell verdi for det grøne skiftet. Samstundes gler eg meg til å bidra til å gjere OHC og Hub for Ocean endå meir synlege nasjonalt og internasjonalt, spesielt gjennom prosjekt som handlar om maritim KI og korleis digitale løysingar kan akselerere grøn omstilling.

 

No som du har budd på Vestlandet ei stund – har du funne ein favorittstad eller område du trivst spesielt godt i?

Eg har blitt veldig glad i Fløyen. Det er noko heilt spesielt med å starte dagen med ein tur opp dit, både for utsikta og roen.

 

Er det noko du gler deg til å oppleve eller utforske vidare her på Vestlandet?

Eg gler meg til å utforske fjordane meir - kanskje med kajakk eller båt! Og så vil eg oppleve fleire av dei ikoniske fjellturane som Vestlandet er kjent for.

 

Har du ein artig fun-fact om deg sjølv som kan overraske oss?

Eg har ei kunstnerisk side og målar akvarell og akryl på fritida - ein morosam kontrast til arbeidet med KI, maritim teknologi og energi :)

 

 

Har du spørsmål?

 

Maria Johansen

Business Development Manager

+47 905 54 962

E-post

Linkedin

 
Neste
Neste

Origod får 2 millionar til FRAM-prosjektet: eit krafttak mot utanforskap blant unge