Ny start for Brødrene Aa i Hyen

Pressemelding

 
 

Etter konkursen i Brødrene Aa har det blitt jobba kontinuerleg med å etablere ei ny verksemd ved verftet i Hyen.

Brødrene Aa Eiendom, Aa-familien sitt holdingselskap, har vore i forhandlingar med det finske konsernet Summa Defence dei siste månadane, men desse forhandlingane er no avslutta.

Brødrene Aa Eiendom har difor på eiga hand etablert selskapet Brødrene Aa Hyen AS. Dette selskapet blir no oppkapitalisert og ein tar sikte på å starte opp igjen verftet i løpet av dei neste 2-3 vekene.

De er i tett samarbeid med kundar, leverandørar, bank, bustyre, og verkemiddelapparat – og er avhengige av å få avklaring på viktige detaljer for å kome vidare.

Vi satsar på gradvis oppstart av aktivitetane og ei viktig forutsetning for at den nye drifta skal lukkast er at vi klarer å få med oss tidlegare tilsette med den unike erfaringa og kunnskapen dei har,

seier Anstein Aa, styreleiar i Br Aa Eiendom AS

I Eikefjord har Brødrene Aa alt i sommar starta opp att aktivitet gjennom selskapet Eikefjord Slipp AS, der det sidan august har vore mellom 40 og 50 tilsette.

 

Kontaktperson:

Anstein Aa, styreleiar i Brødrene Aa Eiendom AS | Mobil: 930 65 427

Tor Øyvin Aa, fungerande dagleg leiar i Brødrene Aa Hyen AS | Mobil: 950 57 187

 
Neste
Neste

Bli kjend med Maria