Brødrene Aa Eiendom etablerer ny drift i Eikefjord – arbeider for oppstart også i Hyen

Pressemelding

Etter at Brødrene Aa AS i juni måtte melde oppbod, har det vore arbeidd intensivt for å finne løysingar som kan sikre vidare drift og arbeidsplassar i både Eikefjord og Hyen. No er det etablert ny aktivitet i Eikefjord, og arbeidet med å få til ei vidareføring av nybyggingsverksemda i Hyen går framover.

Brødrene Aa Eiendom AS har etablert det nye selskapet Eikefjord Slipp AS, som har kjøpt driftsmidlane ved verftet i Eikefjord og overtatt eigarskapet i Eikefjord Elektro AS. Saman vil dei to selskapa vidareføre verksemda innan ombygging og vedlikehald av passasjerbåtar.

Det er samstundes inngått ein avtale med Fjord1 om å fullføre dei to ombyggingsprosjekta som står på verftet i Eikefjord. Dette vil sikre arbeid for opp mot 40 tilsette, i tillegg til innleigde ressursar. – Dette er ei svært positiv utvikling, og vi er glade for å kunne skape ny aktivitet og trygge arbeidsplassar i Eikefjord, seier Gustav Johan Nydal, styreleiar i Brødrene Aa AS og rådgjevar for Brødrene Aa Eiendom.

Samtidig pågår det konkrete forhandlingar med investorar om å etablere eit nytt driftselskap for vidareføring av nybyggingsverksemda i Hyen. Arbeidet skjer i tett samarbeid med bustyrar og banken, og det blir no utarbeidd ein detaljert forretningsplan som grunnlag for å kjøpe driftsmidlane og starte opp att produksjonen.

– Målet vårt er å få til ein oppstart i Hyen i løpet av august. Vi opplever stor interesse frå investorar, og mange har allereie vore på besøk og uttrykt stor begeistring for både bedrifta og produkta, seier Nydal.

Brødrene Aa Eiendom uttrykkjer optimisme for vegen vidare. – Vi har tru på at det snart skal vere god aktivitet igjen både i Eikefjord og Hyen, og vi håpar å kunne ønske mange av dei tidlegare tilsette velkomne tilbake etter kvart som vi kjem i gang, avsluttar Nydal.

Kontaktperson:
Gustav Johan Nydal, styreleiar Brødrene Aa AS
Mobil: 481 67 891

Neste
Neste

Velkommen tilbake: Beate Grønnevik blir COO i Hub for Ocean