Velkommen tilbake: Beate Grønnevik blir COO i Hub for Ocean
Det er med stor glede vi gjer kjent at Beate Grønnevik er tilsett som ny COO i Hub for Ocean.
Det har snart gått 12 år sidan Beate Grønnevik valde å flytte heim til Florø. Allereie då handla det om å vere med på å byggje noko nytt, då ho blei ein del av laget som la grunnlaget for det vi i dag kjenner som Hub for Ocean. No er vi svært glade for å kunne ønske Beate velkommen tilbake, denne gongen i rolla som COO – ei nøkkelstilling som vil styrkje oss vidare.
Beate starta si reise saman med oss på ei nettverkssamling i Balestrand i 2014, Nettverkssamlingane var ein svært viktig aktivitet som ga grunnlag for ei vidare utvikling av det som då var Maritim Foreining Sogn og Fjordane. Ho fekk raskt ansvar for leverandørprogrammet «Supply Chain Network», og det tok ikkje lang tid før ho vart ein erfaren og trygg arrangør og samarbeidspartnar for både kollegaer og næringsliv.
Med ein mastergrad i økonomi og marknadsføring, og solid erfaring frå merkevarebygging i selskap som Toro, Schwarzkopf og Procter & Gamble, har Beate bygd opp ein unik kompetanse innan både strategi, utvikling og leiing. Etter fleire år som leverandørutviklar i Maritim Foreining Sogn og Fjordane, gjekk ferda vidare til INC-gruppen, før ho vart ein sentral aktør i Havlandet si satsing på oppdrett på Fjord Base. Sist har ho arbeidd i Evoy, med hovudansvar for å styrke relasjonane mot kapitalmarknaden.
No er vi stolte av å ønske Beate velkommen tilbake til Hub for Ocean, der ho frå 11. august går inn i ei 50% stilling som COO. Beate vil vere ein viktig pådrivar for vidare utvikling i tett dialog med konstituert CEO av både organisasjonen, teamet vårt og programsatsingane framover. Det er eit mål for begge parter at COO på sikt veks inn i stillinga som CEO. Planen for dette skjer i nær dialog med konstituert CEO.
Vi ser fram til å dra nytte av Beate si erfaring, kompetanse og engasjement, og vi er overtydde om at ho vil vere ein viktig bidragsytar for å vidareutvikle Hub for Ocean inn i framtida og nye moglegheiter for både medlemmer og smarbeidspartar.
Velkommen tilbake, Beate!
Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt!