Framtidas kompetanse – starten på noko større

22. mai samla Hub for Ocean, Kinn kommune, Aksello, FIN og Måløy Vekst aktørar frå drygt 60 ulike verksemder til seminaret «Framtidas Kompetanse». Målet var klart: Å starte eit varig og tett samarbeid mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar for å styrke rekruttering og kompetanseutvikling i regionen.

Seminaret blei opna av Roger Bareksten frå Hub for Ocean som peika på kor viktig det er at vår region står saman i utfordringa rundt rekruttering, og at kampen om å finne dei rette folka ikkje vinnast aleine. Vidare understreka kommunalsjef Rolf Bjarne Sund behovet for omstilling i møte med ei aldrande befolkning og auka behov for ny kompetanse. Dette er ikkje berre eit lokalt, men eit nasjonalt samfunnsspørsmål, og kampen om dei rette folka blir stadig tøffare.

Mangel på kvalifisert arbeidskraft aukar, og NAV si bedriftsundersøking viser at Vestland åleine manglar 7000 arbeidstakarar i år – ein auke på over 15 prosent frå i fjor. Samstundes peikar både NHO og SSB på at behovet for fagarbeidarar vil halde fram med å vekse i åra som kjem, men det finst òg lyspunkt. Aldri før har så mange unge valt yrkesfag, og fleire søkjer lærlingplassar. Det gir håp for framtida, men det krev at vi samarbeider på tvers av bransjar og sektorar for å finne gode løysingar – saman, her i vår region.

Gjennom dagen fekk deltakarane høyre inspirerande innlegg frå både næringsliv, utdanning og offentleg sektor. Ole Hennøy frå Flora vidaregåande skule stilte spørsmålet «Kven er framtidas arbeidstakar?», medan Anne-Stine Meland frå Måløy Vekst delte sitt perspektiv på korleis begeistring og meistring kan vere nøkkelen til suksess. Alexandria Følsvik frå Flora U40 minna oss på at det gode livet handlar om meir enn berre jobb, og la vekt på balansen mellom arbeid og fritid.

Fleire av innlegga tok for seg konkrete utfordringar og løysingar knytt til rekruttering, både lokalt og globalt. Kristine Slettehaug frå Framtidsfylket løfta fram at heile sju av ti ikkje les stillingsannonsar, og stilte spørsmål ved om vi må tenkje nytt rundt korleis vi når ut til potensielle arbeidstakarar. Eirik Rostad Ness frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane delte erfaringar om korleis ein kan tiltrekke, engasjere og halde på tilsette, medan Linda Sinclair Aukland frå Evoy viste korleis global rekruttering opnar nye moglegheiter.

Seminaret markerte starten på eit omfattande samarbeid om eit fellesskap der vi deler erfaringar, byggjer nettverk og inspirerer kvarandre til å tenkje nytt om kompetanse og rekruttering. Initiativtakarane vil jobbe vidare med å konkretisere tiltak saman med nøkkelpersonar frå næringsliv og utdanningsinstitusjonar i Kinn kommune. Saman vil dei arbeide for at dette blir starten på eit varig nettverk for rekruttering og kompetanse i Kinn.


Har du spørsmål om samarbeidet mellom næringsliv og utdanning i Kinn?

Ta gjerne kontakt.

Roger Bareksten

Hub For Ocean
Senior næringsutvikler
+47 953 66 371
E-post

LinkedIn

Andrea Bjørkaas

Aksello
Prosjektleiar - strategi og samarbeid
+47 989 07 309
E-post

LinkedIn

Neste
Neste

Fagskulen Vestland utviklar utdanning i samarbeid med næringslivet