Fagskulen Vestland utviklar utdanning i samarbeid med næringslivet
Fagskulen Vestland har dei siste åra satsa tungt på å utvikle utdanningstilbod som er direkte tilpassa behova i næringslivet. Gjennom tett dialog med bedrifter i regionen har skulen klart å skreddarsy kurs og utdanningar som gir tilsette den kompetansen dei faktisk treng – og som gjer at bedriftene står betre rusta i møte med nye krav og utfordringar.
T.v. Jytte Kristin Eikenes, Stig Svendsen Savland, Eilert Årseth. Foto: Roy Sunde, Firda.
Samarbeid gir skreddarsydd kompetanse
Eit godt døme på dette er samarbeidet med Tine på Breim. Bedrifta hadde utfordringar med rekruttering og kompetanse, og med hjelp frå Nordfjord Kompaniet tok dei kontakt med fagskulen for å finne ei løysing. – Vi drog til Breim for å høyre korleis vi kunne hjelpe, fortel utdanningsleiar for elektro og maskin Stig Svendsen Savland. I lag med Tine kartla dei behova gjennom møte med både leiinga og dei tilsette, og resultatet vart eit kveldskurs på ti studiepoeng, med digitale samlingar og ein fysisk lab – alt tilpassa det tekniske utstyret til Tine. Tilbakemeldingane frå Tine var svært gode.
Også andre bedrifter har fått spesialtilpassa tilbod. Prorektor ved Fagskulen Vestland, Eilert Årseth, trekk fram samarbeidet med Aker, der det har vore behov for kompetanse innan robotisering, digitalisering og industriell isolering. – Vi har møte med fagfolka deira for å kartleggje behov, og lagar så ein studieplan ut frå dette, seier han. Samarbeid med Fjord Base Gruppen, Westcon og Stadyard har mellom anna resultert i kurs innan prosjektleiing og grøn omstilling.
Nøkkelen til å lukkast med slike prosjekt er grundig kartlegging av kva bedriftene faktisk treng. – Det er viktig å snakke med mellomleiarar og fagarbeidarar, ikkje berre leiinga, understrekar Årseth. Det er dei som kjenner arbeidsoppgåvene best, og som kan setje ord på kva kunnskapar og ferdigheiter som manglar. For bedriftene betyr denne prosessen at dei blir meir medvitne om eigne behov, og får retta innsatsen mot rett kompetanse.
Ein stor fordel for næringslivet er at mange av tilboda kan givast gratis, takka vere finansiering frå ordningar som Industrifagskulen og Bransjeprogram. – Ofte kostar det ikkje meir enn innsatsen, og utdanninga kan takast ved sida av full jobb, forklarer Savland. Skulen kan òg utvikle kurs mot betaling dersom det er behov for noko heilt nytt.
Tilbod som møter framtidas behov
Behova i arbeidslivet er i stadig endring, og Fagskulen Vestland følgjer nøye med. For tida er det særleg stor etterspurnad etter tekniske utdanningar, spesielt innan elkraft, robotisering, digitalisering og kunstig intelligens. – Grøn omstilling er òg eit område alle bransjar må forhalde seg til, seier Savland. Jytte Kristin Eikenes, utdanningsleiar for bygg ved Fagskulen Vestland si avdeling i Førde, peikar på vekst innan anlegg, BIM og nye fag som deponiutdanning og geomatikk.
For å møte desse skiftande behova reviderer fagskulen studieplanane årleg og har oppretta ei eiga avdeling for etter- og vidareutdanning. Denne avdelinga har tett kontakt med både næringsliv og studentar, og søkjer aktivt midlar for å utvikle nye tilbod. – Vi har utvikla ei heilt ny utdanning i solenergi etter behov frå næringslivet, fortel Savland. Samarbeid med industrien har òg resultert i nye fag, som EMC-utdanninga og utdanning i grøn omstilling for byggebransjen.
Gjennom denne tette dialogen og evna til å snu seg raskt, har Fagskulen Vestland blitt ein viktig samarbeidspartnar for bedrifter som ønskjer å styrkje si konkurransekraft. Slik sikrar dei at både tilsette og verksemder får den kompetansen dei treng – akkurat når dei treng den.
Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt!