Ferjer og hurtigbåtar er ikkje det same
Utsleppsfrie hurtigbåtar krev heilskaplege løysingar, ikkje berre nye energiberarar
Framtidas hurtigbåt med hydrogen, av ESNA
Foto: Fremtidens hurtigbåt
Regjeringa og støttepartia har i revidert nasjonalbudsjett vorte samde om å setje av 100 millionar kroner til utvikling av utsleppsfrie hurtigbåtar. Samstundes varslar dei nullutsleppskrav i anbod frå 2029.
For ei næring som lenge har etterlyst meir føreseielege rammevilkår, er dette eit viktig signal. Skal vi redusere utsleppa frå hurtigbåtsegmentet, treng vi langsiktige mål, tydelege krav og ei retning som gjer det mogleg å investere i framtidsretta løysingar.
Samtidig blir diskusjonen om utsleppsfrie hurtigbåtar ofte gjort enklare enn han er.
I den offentlege debatten blir det framleis hevda at teknologien ikkje er på plass. Vår erfaring er at biletet er langt meir nyansert.
Teknologien er meir moden enn debatten gir inntrykk av
Gjennom prosjekta ZEVS og MoZEES, der IFE har hatt ei sentral rolle, er energibehovet på konkrete hurtigbåtruter blitt kartlagt og ulike energiløysingar vurderte. Arbeidet har òg vist korleis fartøy, infrastruktur og operasjonar samla påverkar moglegheitene for utsleppsfri drift, og peikar på at overgangen til nullutslepp krev meir enn berre ny teknologi om bord.
Resultata viser at mange korte og mellomlange samband allereie i dag kan elektrifiserast med moden teknologi. For lengre samband er utfordringane større, men det betyr ikkje at nullutslepp er urealistisk. Tvert imot finst det fleire moglege løysingar, baserte på ulike kombinasjonar av batteri, hydrogen og andre energiberarar.
Utfordringa handlar med andre ord ikkje berre om teknologi.
Minst like viktig er korleis vi byggjer opp verdikjeder, energiinfrastruktur og logistikk rundt fartøya. Dersom kvart prosjekt utviklar eigne løysingar utan samordning, risikerer vi system som blir både dyrare og mindre robuste over tid.
Framtidas maritime energisystem må derfor byggjast med eit heilskapleg perspektiv. Fartøy, ruter, energiberarar og infrastruktur må utviklast i samanheng. Målet bør vere løysingar som kan tene fleire fartøytypar og operasjonar over tid, ikkje separate system for kvart enkelt samband.
Difor er det også viktig å unngå at debatten blir redusert til eit spørsmål om batteri eller hydrogen.
Elektrifisering vil vere den naturlege løysinga mange stader. Samstundes kan hydrogen spele ei viktig rolle i eit fleksibelt og hybrid energisystem, både om bord i fartøy og på land. Hydrogen bør ikkje sjåast som eit mål i seg sjølv, men som eit verkemiddel som kan handtere effektutfordringar, styrkje energiforsyninga og gi større fleksibilitet der batteri åleine ikkje strekk til.
Ferjesuksessen kan ikkje kopierast direkte
I NRK si omtale av satsinga peikar SV på at Vestland tidlegare elektrifiserte ferjene «nærast over natta». Det er ei viktig påminning om kva som er mogleg når styresmakter og næringsliv dreg i same retning. Ferjeelektrifiseringa har vist at store skifte er mogleg, sjølv om omstillinga også har hatt utfordringar.
Samtidig må vi vere varsame med å samanlikne ferjer og hurtigbåtar direkte.
Ferjer går ofte på korte samband med føreseielege stoppmønster og relativt låg fart. Hurtigbåtar opererer over lengre avstandar, med høg fart og strenge krav til vekt og energibruk. Energibehovet aukar kraftig med farten, og ei hurtigbåtrute på fleire timar stiller heilt andre krav til energisystemet enn eit kort ferjesamband.
Det betyr ikkje at utsleppsfrie hurtigbåtar er uoppnåelege. Men det betyr at vi ikkje kan kopiere løysingane frå ferjesektoren direkte. For dei lengste sambanda kan det vere nødvendig med nye fartøykonsept, meir energieffektive skrog, optimaliserte operasjonsmønster og hybride energiløysingar som kombinerer styrkane ved ulike teknologiar.
Det viktigaste no er derfor ikkje å diskutere om utsleppsfrie hurtigbåtar er mogleg. Det viktigaste er korleis vi får det til i praksis.
Dei politiske signala som no kjem, gir ei moglegheit til å flytte diskusjonen frå enkeltteknologiar til konkrete løysingar. For næringa handlar det om å utvikle transport- og energisystem som heng saman, og som kan fungere over tid.
Moglegheitene er der. No treng vi føreseielege rammevilkår, samarbeid på tvers av verdikjeder og vilje til å utvikle dei løysingane framtidas hurtigbåtar vil vere avhengige av. Når dagens hurtigbåtar blir så gamle at dei må skiftast ut, eller ikkje let seg byggje om på ein føremålstenleg måte, oppstår eit avgjerande vegval. Skal kvar aktør ta desse vala på eiga hand, ut frå eigne behov og kortsiktige vurderingar? Eller skal styresmaktene bruke denne fornyinga til å styre utviklinga i ei retning som gir betre kontroll med klimaeffekten og byggjer opp under systema vi treng? Dersom målet er reelle utsleppskutt og langsiktig utvikling, er det vanskeleg å kome utanom at også vala i fornyingsfasen må vere styrte av tydelege politiske prioriteringar. Det er i slike skifte vi har moglegheit til å forme marknaden, infrastrukturen og klimabiletet for fleire tiår framover.
Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt!