Storkontrakt til Hyen! Fjord Shuttle AS bestiller ny båt frå Brødrene Aa Hyen AS

Pressemelding

Fjord Shuttle AS har signert kontrakt med Brødrene Aa Hyen AS om bygging og ferdigstilling av ein passasjerbåt basert på hybridframdrift med batteri- og dieseldrift.

Fartøyet får ein passasjerkapasitet på 292 passasjerar, og reiarlaget investerer til saman 135 millionar kroner i prosjektet. Det er den største investeringa i Fjord Shuttle AS si historie. Fartøyet skal leverast i andre kvartal 2027. Fjord Shuttle takkar for tilliten hjå Sparebanken Norge og det langvarige samarbeidet, som har vore avgjerande for realiseringa av prosjektet.

Det har alt vore aktivitet ved verftet i Hyen i eit halvt år etter konkursen i 2025, og Fjord Shuttle AS er stolte over å kunne bidra til videre aktivitet, arbeidsplassar og framtidstru gjennom eit nytt byggjeoppdrag ved verftet.

– Dette er meir enn ei båtbestilling. Dette handlar om framtidstru, lokale arbeidsplassar og ei satsing på berekraftig turisme. Vi er spesielt glade for at fartøyet skal byggjast av Brødrene Aa Hyen AS, som gjennom fleire tiår har vore eit flaggskip innan norsk maritim innovasjon, seier Kjetil Hantveit, dagleg leiar i Fjord Shuttle AS.

Bygd for framtidas turistopplevingar

Det nye fartøyet er bestilt for å møte den aukande etterspurnaden etter berekraftige maritime opplevingar i Nordfjord og på Sunnmøre. Fartøyet blir eit moderne hybridfartøy med moglegheit for over tre timars samanhengande drift på rein batterikraft. Dette vil gi betydelege utsleppsreduksjonar.

Fartøyet skal gå i charter for selskapet Fjord Guiding AS, som i dag har hovudfokus på sal av utflukter og aktivitetar i Nordfjordeid, Måløy og Geirangerfjorden. Fartøyet er spesielt utvikla for turisme, der miljø, støy, komfort og opplevingar er vektlagt i designet. Om bord vil passasjerane finne ein romsleg passasjersalong med moderne innreiing, panoramavindauge og serveringsområde, i tillegg til eit stort utvendig passasjerdekk som gir nærkontakt med fjordlandskapet.

Fartøyet blir universelt utforma, slik at passasjerar med nedsett funksjonsevne får god tilgang til fasilitetane om bord.

Med kapasitet til 292 passasjerar blir fartøyet eit viktig bidrag til å flytte fleire reisande frå veg til sjø.

– Skal vi lukkast med å redusere utslepp og trafikkbelastning i fjordområda våre, må sjøvegen nyttast meir. Dette fartøyet er eit konkret bidrag til det grøne skiftet og til å gjere sjøtransport til eit attraktivt alternativ til vegtransport.

Fartøyet blir klassa for fartsområde 5 og er designa og bygt for å kunne operere i nordlege farvatn vinterstid dersom det blir aktuelt.

20-årsjubileum og framtidssatsing

Når fartøyet blir levert i 2027, markerer det samstundes 20-årsjubileet til Fjord Guiding AS.

Frå etableringa i 2007 har selskapet vakse til å bli ein sentral aktør innan maritime opplevingar, og tilbyr i dag utflukter frå Kristiansand i sør til Ålesund i nord, med hovudtyngda i Vestland og Møre og Romsdal.

Reiselivet i Nordfjord er i sterk utvikling og ei realisering av ny cruisekai på Løkjaneset vil vere eit viktig steg for å styrke heile regionen som cruisedestinasjon samt eit viktig bidrag til å auke verdiskaping i heile Nordfjorden.

Dette fartøyet vil spele ei sentral rolle i denne utviklinga og vi ser føre oss at fartøyet vil vere i trafikk med utgangspunkt frå Måløy, Selje, Nordfjordeid og Olden, samtidig som det vil operere i marknadene rundt Ålesund og Geiranger.

Dette vil gi stor fleksibilitet og moglegheit til å betene nokre av dei viktigaste reiselivsdestinasjonane på Vestlandet med eit moderne og miljøvenleg fartøy.

Bestillinga kjem samtidig som utbygginga av Stad skipstunnel endeleg er vedteken. Vi håpar sjølvsagt at dette fartøyet vil bli eitt av dei første kommersielle passasjerfartøya som tek Stad skipstunnel i bruk. Tunnelen vil opne nye moglegheiter for turisme, i tillegg til trygg og effektiv sjøtransport langs kysten, og vi ønskjer å vere med frå første dag.

For Brødrene Aa Hyen AS er oppdraget særleg spennande fordi fartøyet kombinerer moderne, energieffektive passasjerfartøy med sterk lokal forankring. Gjennom samarbeidet med Fjord Shuttle AS og Fjord Guiding AS får verftet levere eit fartøy som kan bli å sjå i Hyefjorden.

– Vi er svært glade for tilliten Fjord Shuttle AS viser oss gjennom denne kontrakten. For Brødrene Aa Hyen AS betyr oppdraget aktivitet ved verftet fram mot sommaren 2027, og det gir oss høve til å byggje vidare på kompetansen og teknologien vi er kjent for .

Det er no stor aktivitet ved verftet for å ferdigstille to fartøy, det eine til Fjord1 AS og det andre til The Fjords DA. Brødrene Aa Hyen AS ønskjer å framheve Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Eksportfinans og Innovasjon Norge som har bidrege til å sikre ny aktivitet ved verftet. Verftet har no 60 tilsette og håpar å kunne auke ytterlegare dersom ein sikrar nye kontraktar, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.

 

Fakta om fartøyet

Kapasitet: 292 passasjerar
Framdrift: Hybrid elektrisk drift, over tre timars batteridrift
Fart: 19,9 knop
Byggjemateriale: Karbonfiber
Operatør: Fjord Guiding AS
Levering: Andre kvartal 2027
Investering: 135 millionar kroner

 

For meir informasjon:

Fjord Shuttle AS

Dagleg leiar: Kjetil Hantveit                                                             
Tlf.: 41474120                                                                                          
E-post: kjetil@fjordguiding.no

Brødrene Aa Hyen AS

Dagleg leiar: Tor Øyvin Aa 
Tlf.: 95057187
E-post: tor@braa.no                                             


Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt!

Karoline J Vågsholm

Kommunikasjonsansvarleg
+47 920 05 5369
E-post

Neste
Neste

Hellenes gir Vestlandet fart, kraft og nye moglegheiter