Hellenes gir Vestlandet fart, kraft og nye moglegheiter
Anders Haugen og Agnar Hellenes framfor Hellenes-bygget. Eit samlingspunkt for utdanning, næringsliv og teknologiutvikling.
Det finst verksemder som veks fordi marknaden dreg dei framover, og så finst det verksemder som veks fordi dei sjølve vel å dra eit heilt lokalsamfunn med seg.
Hellenes høyrer til den siste kategorien.
Dei er ikkje berre ein industriaktør på land og sjø; dei er eit miljø, eit fagleg kraftsenter og eit levande døme på kva som skjer når nysgjerrigheit og samfunnsansvar får leve under same tak.
Lokalt handverk som industriell ryggrad
Hellenes AS vart etablert i 2002 av Agnar Hellenes, og har sidan vakse til å bli eit solid tyngdepunkt mellom Bergen og Ålesund, med ein tydeleg ambisjon om å byggje eit nytt teknologisentrum for Sogn og Fjordane.
I 2024 vart Hellenes AS kjøpt opp av National Oilwell Varco (NOV). Fram til salet var fokuset på oljehaldig boreavfall, der Hellenes utvikla ei verdsleiande løysing. Etter salet er hovudfokuset til Hellenes-gruppa organiske substansar som kloakkslam, fiskeslam, tre og restråstoff frå næringsmiddelindustrien.
I dag er verksemda organisert innanfor den same gruppa, som omfattar tre selskap med komplementære roller:
1. Hellenes Industries, som leverer tørke- og pyrolyseløysingar for nær sagt alle typar organisk avfall - frå avløpsslam og treavfall til fiskeslam og matavfall.
2. Hellenes Technology, gruppa sin teknologidrivar med ansvar for utvikling, innovasjon og nye, ofte patenterte løysingar.
3. Hellenes Yard, som eig og vidareutviklar det tidlegare Ankerløkken-verftet, og som i dag fungerer som produksjonsarena, testfasilitet og utviklingsmiljø for heile gruppa og andre aktørar.
Det som særmerkjer Hellenes, er at veksten deira ikkje berre har vore marknadsdriven, men òg organisk og ansvarleg. Dei har ikkje alltid valt det som gir dei største kortsiktige kommersielle gevinstane, og det er dei heilt opne om. I staden har dei prioritert det som er rett for Førde, for regionen og for verdikjedene dei har tru på - med særleg vekt på sirkulære løysingar.
Gjennom dette har dei bygdt verksemda rundt fire dimensjonar som sjeldan blir sette i samanheng:
Behov x Produksjon x Livsløp x Drift
Denne tilnærminga gjer at dei ikkje berre produserer, men òg forstår behovet, følgjer produktet gjennom heile livsløpet og tek ansvar for drifta. I gangane hos Hellenes - mellom stål, sveiseblink og idémyldrande fagfolk - er det eitt uttrykk du aldri høyrer: «det er ikkje vårt problem».
Her blir problem løyst, ikkje parkerte. Nettopp denne tilnærminga skapar ei robustheit som gjer dei attraktive både lokalt og internasjonalt, og har gjort dei til ein aktør som faktisk forstår globale behov.
Før berekraft vart ein trend, var det allereie ein praksis
Allereie få år etter etableringa i 2002 fekk Hellenes Tempo-prisen (2008), ei tydeleg anerkjenning av arbeidet dei hadde sett i gang. I 2011 løfta dei berekraftig utvikling fram som eit strategisk satsingsområde, og sidan har dei retta innsatsen mot dei strukturelle utfordringane i ressurs- og avfallssektoren.
Den langsiktige satsinga har vore drivkrafta bak utviklinga av avansert teknologi for termisk handsaming av avfall, separasjons- og tørkeløysingar og spesialisert prosessutstyr. Dei vart òg nominerte som ein av fem kandidatar til Siva-prisen (2016), og i 2020 nådde dei finalen som ein av tre kandidatar til «Oil & Gas UK Award for Business Innovation - SME».
Det er ikkje utan grunn at NOV valde å kjøpe Hellenes AS, og då dei norske eigarane selde, var det i stor grad fordi teknologiane òg kunne brukast til andre føremål enn handsaming av oljehaldig boreavfall.
Her er testanlegget som tørkar biomasse ved hjelp av overskotsvarme - ei løysing som både reduserer energibruken og gjer prosessen meir berekraftig. Eininga kan òg stillast inn til å gå 100 % elektrisitet dersom det er ønskjeleg. Er du interessert i å skaffe deg ei slik eining, er det berre å ta kontakt med Hellenes.
Då trainee Dimana reiste til Førde for å møte teamet, fekk ho eit innblikk i korleis denne heilskaplege arbeidskulturen pregar måten Hellenes tenkjer industri på. Dei skildra eit miljø som ser verdi i ressursstraumar andre ofte definerer som avfall, og som aktivt utviklar teknologi for å gi desse materiala nytt liv.
Hellenes er tydelege på at berekraft ikkje berre kan handle om å redusere utslepp til luft og sjø. I botn og grunn dreier det seg om å utnytte ressursane smartare ved å optimalisere prosessar og hente ut meirverdi av det vi allereie har, og dermed unngå utslepp, forureining og unødig bruk av energi.
I Hellenes sine løysingar kan store mengder slam tørkast ved hjelp av overskotsvarme. Løysinga reduserer energibruken, gjer avfall om til ein ressurs og opnar for betydeleg verdiskaping frå organiske avfallsstraumar.
Anders Haugen, som flytta til Førde i 2011, seier det slik med sin karakteristiske austlandsdialekt: «Vi har alltid vært et selskap som løser problemer. Det er det vi gjør. Og det gjør vi fordi vi har folk som kan - og som vil.»
Agnar Hellenes, både eigar og drivkraft, har vore i regionen endå lenger. Han har sett korleis Førde har hatt behov for sterkare industri, teknologisk fagkunnskap og løysingar forankra i regionen. I staden for å vente på at nokon andre skulle ta ansvar, valde han å byggje det sjølv. Difor vart verftet kjøpt i 2011/2012.
Folk med skaparkraft
Agnar, Jørgen, Erik, Stein Kyrre og Anders i dei nye lokala i 4.etasje på Hellenes.
Mellom gnistregn, metallklang og maskinrytme er det menneska som gir Hellenes puls. Her møter ein nysgjerrige blikk, raske spørsmål og ein kultur der spørsmålet ofte er: «Kan det vi held på med bli endå villare?».
Mekanikarar, automatikarar, elektrikarar, ingeniørar og oppfinnarar jobbar tett saman, i same bygg og i same rytme. Det gir ei arbeidsform som er uvanleg heilskapleg.
Det tok ikkje lang tid før trainee Dimana merka kva slags miljø ho hadde kome inn i. Ho møtte fleire av dei som driv Hellenes framover frå innsida:
· Agnar Hellenes, grunnleggar, hovudeigar og ein sentral kraft i alle ledd av verksemda
· Anders Haugen, juristen som jobbar med alt mellom himmel og jord
· Erik Michaelsen, mannen som kombinerer utvikling, HMS og kvalitet i eitt
· Stein Kyrre Monsen, ingeniøren som mange framleis omtalar som «den tekniske sjefen» i praksis
· Jørgen Lorentz, dagleg leiar for både Technology og Industries
Dimana møtte òg fleire av dei som står tett på produksjonen:
· Jørgen Sollid, elektrikar som starta i januar
· Oleksii Boiko, mekanikar med 1.5 år på laget
· Stian Vik, mekanikar med lang erfaring
· Mikkel Tefre, automatikar med 2.5 år i verksemda
· Ola Berger Follevåg, på ei vekes utplassering frå Dale vidaregåande
I dag har dei 15 tilsette.
Frå Førde til Texas
Hellenes har alltid hatt beina godt planta i Sunnfjord-jorda, men det har ikkje hindra dei i å setje spor langt utanfor kommunegrensene. For medan dei held blikket og hjartet lokalt, har dei samstundes blitt verdsleiande på handsaming av oljehaldig boreavfall - ei nisje som har fått sjølve gigantane i bransjen til å vende seg mot Førde.
Eit av desse gigantnamna er National Oilwell Varco (NOV), eit Texas-basert industrilokomotiv med over 500 lokasjonar og meir enn 30 000 tilsette.
Interessa frå NOV voks fram gjennom fleire år med tett samarbeid, der Hellenes bidrog i prosjektutvikling medan NOV tok teknologien ut i verda. Denne kombinasjonen av lokal ingeniørkraft og global tilstadevere gjorde Hellenes til ein naturleg strategisk partnar. Og når eit av verdas største oljeserviceselskap bankar på døra og vil vere med på laget, seier det mykje om kvaliteten som er bygd lokalt.
I 2024 vart Hellenes AS kjøpt opp av NOV, etter ei felles forståing om at dette handla om å løfte fram og vidareutvikle den spisskompetansen som har vakse fram i Sunnfjord – ikkje for å viske ut det som allereie var bygd. Oppkjøpet styrkte både den internasjonale rekkevidda og frigjorde kapital som no blir investert direkte tilbake i nye satsingar, særleg innan utvikling av grøn teknologi, nye industriprosjekt og vidareutvikling av verftet.
Likevel er det ikkje dei store kontraktane som definerer dei, men den lokale ånda. Jordnærheita. Fellesskapet. Evna til å vere både globalt relevante og lokalt forankra.
Kanskje er det nettopp difor historia om Hellenes treff så godt: Dei viser at du ikkje treng å flytte ut for å nå ut. Nokre gonger er det nok å byggje noko solid der du står - så finn verda deg.
Strategisk lagspel for framtida
Salet av Hellenes AS har frigjort kraft til å intensivere det arbeidet som alltid har vore kjernen i gruppa. Hellenes har vore ein støttespelar og medlem av Hub for Ocean heilt sidan oppstarten i 2012, og som ei naturleg vidareføring av dette tette forholdet vart det i slutten av 2025 inngått ein strategisk samarbeidsavtale mellom Hellenes-gruppa og Hub for Ocean, som tidlegare omtalt.
Etter salet av Hellenes AS til NOV er Hellenes-gruppa no inne i ein fase der dei byggjer opp ein ny operativ struktur. I denne gjenoppbyggingsfasen ser gruppa stor nytte i å trekkje vekslar på kompetansen og kapasiteten til Hub for Ocean - særleg når det gjeld å styrkje synlegheita for det arbeidet som skjer i Førde, regionalt og internasjonalt.
Samarbeidet strekkjer seg òg inn i konkrete utviklingsløp. Hellenes er involvert i fleire prosjekt der det er behov for nøytral koordineringsbistand og prosjektleiing. Her spelar Hub for Ocean ei viktig rolle, særleg i satsingar knytte til handtering og utnytting av ulike typar slam. Ved å kople saman teknologimiljøet i Førde med Hub for Ocean sitt breie nettverk i den blå næringa, legg ein til rette for at Hellenes ikkje berre står åleine, men fungerer som ein integrert del av eit større økosystem som formar framtidas havnæringar.
Eit industrielt økosystem og ein møteplass
Vil du sjå økosystemet i praksis, treng du ikkje lese strategiar - du treng berre å vitje det levande industrimiljøet i Sunnfjord.
Ungdomsprosjektet står her framleis – flysimulatoren dei bygde er godt teken vare på.
Hellenes er nemleg langt meir enn eit verkstadmiljø. Med 20 000 m² areal fungerer dei som ein møteplass for næringsliv, utdanning, innovasjon og samarbeid. Rundt 20 leigetakarar held til på området, mellom dei NOV, Renasys, BASTAL, Nondal Industriservice, Admento, Fjordtømmer, Westcon Løfteteknikk, Novaform, Fjordane Engineering og Saltosentralen. Dei er ikkje berre naboar, men aktive partnarar i eit effektivt og dynamisk nettverk der kompetanse flyt fritt mellom fag og bransjar.
Samstundes er det i ferd med å vekse fram ei breiare industriell symbiose rundt verftet. Naboen Sunnfjord kommune sitt kloakkrenseanlegg og Eviny Thermo sitt fjernvarmeanlegg ligg berre nokre meter unna. Desse aktørane er heilt sentrale i utviklinga av nye sirkulære løysingar for kloakk- og slamhandtering, der Renasys leverer teknologi for vassreinsing og Hellenes Industries utviklar løysingar for slambehandling – delvis basert på utnytting av overskotsvarme.
Inne i bygget finn du alt frå ein flysimulator, utvikla av kreativ ungdom med støtte frå utdanningsinstitusjonane og næringslivet, der òg Forsvarets forskningsinstitutt hadde ein finger med i spelet.
Til og med Saltosentralen trampoline- og leikeland held til i første etasje!
Det er eit miljø der idear får rom til å vekse, og der samarbeid skjer naturleg på tvers av fag, bransjar og generasjonar.
Sirkulære verdikjeder i praksis - ikkje berre på papiret
Renasys og Hellenes Industries har saman vorte ei drivkraft i den sirkulære økonomien, med røter i oljenæringa. Dei arbeider med verdikjeder, energiutnytting og ressursgjenvinning, og dei gjer det på ein måte som skaper konkret verdi for både kommunar, industri og miljø.
Eitt av dei mest spennande initiativa er «Mission Zero», eit samarbeid med åtte kommunar, der Sunnfjord kommune er pilotkunde for både Renasys og Hellenes Industries. Her deltek fleire teknologileverandørar, lokale, og fleire kommunar, mellom anna Kinn.
Målet er ambisiøst:
Gjere avfall frå reinseanlegg om til ein ressurs
Etablere gjenvinningsanlegg som møter nye miljøkrav
Skape energinøytrale løysingar
Redusere behovet for kostbare kommunale utbyggingar
For Hellenes er «Mission Zero» eit initiativ dei er særleg glade for. Prosjektet gir dei ei unik moglegheit til å teste løysingar lokalt, i tett dialog med kommunane som faktisk skal bruke teknologien. Det skapar ei open og tett kunnskapsdeling mellom fagfolk, leverandørar og kommunar, noko som gjer det mogleg å finjustere teknologien før han blir teken vidare ut i verda.
Denne satsinga har allereie skapt ringverknader. Norsk Institutt for vannforskning (NIVA) har teke initiativ til eit nytt FoU-senter i Førde basert på utviklinga som skjer her – noko vi i Hub for Ocean følgjer tett og meiner er svært lovande for regionen.
I botn handlar dette om eit skifte i korleis vi tenkjer om ressursar, avfall og energi. Hellenes er ei aktiv drivkraft i denne utviklinga og viser korleis sirkulære verdikjeder kan fungere i praksis, ikkje berre på papiret.
Rekruttering, utdanning og framtidas fagfolk
Hellenes har sterk tru på ein praktisk og prosjektbasert utdanningsmodell. Entreprenørskap må forståast i samanheng - ikkje som eit enkeltfag, men som ein måte å jobbe og tenkje på. Difor samarbeider dei tett med Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen Vestland studiestad Førde, og Førde vidaregåande skule, alle plasserte i Sunnfjord kommune. Saman deler dei ressursar, kompetanse og erfaringar for å styrkje utdanningskvaliteten på tvers av nivå.
Berre på Fagskulen Vestland - som held til i same bygg - er det rundt 40 teknisk orienterte lærarar og nær 700 studentar i ulike deltidsstudium, frå 5 til 120 studiepoeng, i tillegg til eit omfattande kurs- og etterutdanningstilbod.
Etter eit møte med Siv og Anne Britt i administrasjonen ved Fagskulen står eitt inntrykk heilt tydeleg: Vestlandet treng fagfolk.
Fagskulen flytta inn i Hellenes-bygget i 2022, men var langt frå framand i lokala. Dei hadde lenge brukt labbar og verkstadsfasilitetar til undervisning. Flyttinga var dirfor eit naturleg steg.
Siv og Anne Britt seier det rett ut: «Vi skal tilby det næringslivet har behov for.»
Og nettopp difor er nærleiken til industrien - bokstaveleg talt vegg i vegg - ein styrke for begge partar.
Hellenes har òg vore ein aktiv pådrivar for å få næringslivet tettare inn i studentprosjekt. For å gjere dette mogleg vart Campus Verftet etablert - eit miljø der unge kan jobbe praktisk, møte fagfolk og sjå korleis teori blir til faktisk industri. Slik sikrar dei rekruttering av lærlingar i høgt tempo, og viser ungdom at framtida finst her, på Vestlandet, midt i dei sirkulære verdikjedene som no veks fram.
Anders seier det enkelt: «Det er plass til fleire.»
Og når han seier det, er det ingen tvil om at han meiner det.
Slik skaper Hellenes varig verdi
Gjennom arbeidet med heile verdikjeda skapar Hellenes både kompetanse, fellesskap og nye moglegheiter. Dei viser korleis ein liten by som Førde kan utvikle seg til å bli eit globalt kompetansesenter når ein tenkjer heilskapleg og set menneska først.
Samstundes løftar dei fram ei viktig erkjenning: Avfall er ikkje berre noko som må handterast, men ein ressurs som kan forvandlast til energi, biokarbon og andre verdifulle produkt. Denne måten å tenkje på spring ut av Hellenes si lange tradisjon for teknologisk utvikling, der dei både skapar eigne løysingar og hjelper kundar med å realisere nye idear gjennom prototypebygging og praktisk innovasjon.
For Hellenes-folka handlar dette om å forstå kva verda faktisk treng. Dei har tilpassa dei tekniske innretningane sine for å gjere verda betre, og avfall er eit område der dei verkeleg har lukkast.
Også trainee Dimana Helle ser korleis dette systemet fungerer som ein nøkkel, ein nøkkel som låser opp nye moglegheiter for kommunar, industri og landbruk, og som peikar mot ein smartare og meir sirkulær bruk av ressursane våre.