Havland kåra til “Månadens bedrift” i mai av NHO Vestland
Havland i Florø har teke heim tittelen «Månadens bedrift» for mai, kåra av NHO Vestland. Prisen blir delt ut til aktørar som utmerkar seg innan innovasjon, grøne løysingar, samfunnsengasjement eller som attraktive arbeidsgivarar i regionen. Havland treff alle desse punkta - og litt til, særlig gjennom arbeidet dei har gjort med å byggje opp ei komplett verdikjede for oppdrettstorsk.
Utmerkinga understrekar kor leiande dei er innan landbasert oppdrett av torsk, og vi i Hub for Ocean jublar litt ekstra og feirar med dei, stolte over å ha Havland som ein del av fellesskapet vårt.
Oddgeir Igland mottok diplomet på vegne av Havland. Kinn-ordfører Bengt Solheim-Olsen deltok også på prisutdelingen. Foto: NHO Vestland.
Gjekk mot straumen - og vann fram
Vegen har ikkje vore enkel for norsk torskeoppdrett. Rundt 2013 var torskeoppdrettsnæringa inne i ei krevjande tid, prega av låge prisar, sjukdom og biologiske utfordringar. Mange aktørar gav opp. Havland gjorde det motsette, og har sidan vore ei av dei viktigaste drivkreftene bak at torskeoppdrett framleis har ei framtid i Noreg. Blant anna har dei utvikla metodar for lukka oppdrett som gir betre kontroll på utslepp og rømming.
I dag har Havland både eige avlsprogram, yngelproduksjon og settefiskanlegg. Dei er ein sentral arbeidsplass i Florø og Kinn kommune, med rundt 45 tilsette som kvar dag bidreg til å utvikle ei meir berekraftig og framtidsretta havbruksnæring.
«Dette er en anerkjennelse vi setter stor pris på. Vi har hele veien hatt tro på at torsk kan bli en viktig ny havbruksnæring for Norge, og har over tid bygget opp produksjon og kompetanse her i Florø. Prisen er først og fremst en honnør til de ansatte, som hver dag bidrar til å utvikle en mer bærekraftig og fremtidsrettet næring for kyst-Norge», seier Oda Kristin Igland, leiar for innovasjon og utvikling i Havland.
Som medlemsbedrift i Hub for Ocean‑nettverket er Havland ein verdifull bidragsytar i eit større fellesskap av verksemder som jobbar for ei meir berekraftig og innovativ havnæring.
Nok ein gong - gratulerer så mykje med ein velfortent pris! 🎉🐟