Slam kan bli ein viktig ressurs for regionen 

Korleis kan slam gå frå å vere eit problem til å bli ein verdifull ressurs?

Det var hovudspørsmålet då kommuneansatte frå tidlegare Sogn og Fjordane, havbruksaktørar, teknologileverandørar, avfallsaktørar, konsulentar og andre sentrale miljø samla seg til workshop 20. mai. Gjennom korte inspirasjonsinnlegg og felles arbeidsøkter vart det sett søkjelys på korleis både avløpsslam og fiskeslam kan handterast betre, og korleis desse ressursstraumane i stor grad deler dei same utfordringane og moglegheitene. 

Programmet var bygd opp med innlegg frå mellom andre Kinn kommune, Renasys, Bue Salmon, Hellenes og Havland, kombinert med workshopar om logistikk, marknad, prosessering og teknologi, og roller og samarbeid. Engasjementet var stort gjennom heile dagen, og diskusjonane heldt fram langt inn i lunsjpausen. Det seier noko om kor aktuelt og viktig temaet er for aktørane som arbeider med desse problemstillingane til dagleg. 

Eit sentralt mål med samlinga var å byggje ei felles forståing av kva som skal til for å utvikle gode og berekraftige løysingar. Deltakarane drøfta ikkje berre tekniske og praktiske spørsmål, men også kvifor dette arbeidet er viktig: betre ressursutnytting, reduserte kostnader, gevinstar for klima og miljø, og moglegheiter for lokal verdiskaping og nye arbeidsplassar. Særleg vart det understreka at ein må sjå offentleg og privat sektor i samanheng dersom ein skal lukkast.  

«Samarbeid er nøkkelordet - ingen kan løyse ut dette potensialet aleine.»
— Frode Ellingsund, Kinn Kommune
 

«Kinn kommune er godt nøgd med workshopen, som inneheldt ei rekke gode drøftingar kring moglegheitsrommet knytt til ressursen slam representerer.

I samarbeid med næringsliv, teknologibedrifter, kommunar og interkommunale selskaper i regionen kan ein utnytte eit potensial for betre ressursutnytting, forbetring av klima og miljø, reduserte kostnader og lokale arbeidsplassar.»

 
 
 

Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean, peikar på det større perspektivet:

Skal vi lukkast med det grøne skiftet, må vi bli betre til å sjå verdi i ressursar vi tidlegare har behandla som avfall. Slam er eit godt døme på at framtidige løysingar krev både ny teknologi, samarbeid og vilje til å tenkje annleis.

 

I samarbeid mellom næringsliv, teknologileverandørar, kommunar og interkommunale selskap ligg det eit stort potensial for å finne løysingar som ingen aktør kan skape åleine. Nettopp dette vart ståande att som eit av dei viktigaste bodskapa frå dagen: Skal ein lukkast med å utnytte slam betre, krev det samarbeid på tvers av sektorar, fagmiljø og verdikjeder. 

Oppsummert peika diskusjonane mot at Hub for Ocean kan ta ei meir aktiv rolle som pådrivar og koordinator, mellom anna ved å samle aktørar, skape oversikt over ressursar, utvikle pilotprosjekt, kople initiativ til finansiering og FoU og bidra til tettare samarbeid med styresmaktene. Samstundes ligg hovudutfordringa framleis i koordineringa mellom aktørane og i å finne gode løysingar for logistikk, marknad og vidare utnytting av både avløpsslam og fiskeslam. 

Neste
Neste

Havtech viser korleis moderne teknologi møter maritim tradisjon