Havtech viser korleis moderne teknologi møter maritim tradisjon

 

Midt mellom det digitale i Dale og det opne havet finn vi Havtech - ei verksemd i Holmedal som på få år har blitt eit av dei mest spennande teknologimiljøa på Vestlandet.

Namnet seier eigentleg alt: «hav» frå kystkulturen, «tech» frå den digitale kompetansen. Saman uttrykkjer dei ei visjon om å gjere livet på sjøen enklare, tryggare og meir oversiktleg.

Innovasjon, menneskeleg nærleik og teknologisk kraft frå Holmedal

Sidan etableringa i 2021 har Havtech vakse raskt, både i ambisjonar og i tal på tilsette. I dag er dei ni medarbeidarar, inkludert ein vikar, alle med solid kompetanse innan utvikling og programmering. Felles for dei er ønsket om å skape noko der dei bur, og å utvikle teknologi som faktisk løyser kvardagslege utfordringar for folk som jobbar på havet.

Under besøket møtte Trainee Dimana eit lag som er like jordnært som dei er innovative. Ho fekk helse på heile gjengen:

  • Kjartan Habbestad, dagleg leiar

  • Umberto Iversen, salsmedarbeidar

  • Richard Stølen, utviklar

  • Ann Kathrin Hårklau, sals- og marknadssjef

  • Odne Rindheim, utviklar

  • Pål Hegrenes Vindenes, utviklar

  • Kristoffer Hatlevik, utviklar

  • Paul Christian Sandal, seniorutviklar

  • og Fredrik Haugsbø, seniorutviklar

Sjølv om dei fleste pendlar inn til Holmedal, er onsdagane sett av som den store fellesdagen - ein dag som blir kalla «heilag» med eit smil. Då er alle samla rundt bordet for å utvikle, utfordre og finjustere løysingane sine, alltid med kvardagen til sjøfolk og rederi som kompass.

Historia om Umberto illustrerer kulturen godt. Då han starta i desember 2025, vart han alt første veka sendt til Nord‑Noreg i ein leigebil for å besøkje sjarkar, fiskebåtar og rederi. Målet var enkelt: bli kjend med mannskapet og forstå behova deira på ordentleg vis. Det er denne nærleiken som gjer at Havtech utviklar løysingar som faktisk treff.

 

Ombord - eitt system som samlar drift, tryggleik og kvardagslogistikk i ei app

I sentrum av Havtech si satsing står Ombord, eit skybasert system som bind saman mannskapsstyring, tryggleik, regelverk og kommunikasjon i ei samla digital plattform. Løysinga er utvikla for å vere fleksibel og kan tilpassast ulike typar rederi og fartøy, uavhengig av storleik og drift.

Bilete frå Havtech.no. Her feirar dei nye storkundar og milepælar på vegen vidare!

I dag er Wilson, Nord-Europas største aktør innan short-sea shipping, ein av Havtech sine største samarbeidspartnarar. Det er eit tydelig kvalitetsstempel og eit bevis på at Ombord leverer på eit nivå som dei mest profesjonelle aktørane i bransjen forventar.

Men Havtech sitt fotavtrykk stoppar ikkje der. Tvert imot har selskapet bygd opp ei brei og mangfaldig kundebase over heile landet, der alt frå fiskeri og havbruk til skyssbåtar, servicefartøy og kystfrakt nyttar Ombord i den daglege drifta. Det viser kor treffsikker løysinga er.

Nyleg kom Svanøy Havbruk AS inn som ny kunde, som òg er Hub for Ocean si medlemsbedrift. Dei skal no ta i bruk Ombord på arbeidsbåtane sine, der målet er å få ei enkel og tydeleg oversikt over vedlikehald og sikre at alle krav frå sjøfartsregelverket blir følgde, utan unødvendig kompleksitet.

Blant dei nyaste tilskota finn vi òg Brim Explorer AS, eit selskap som har gjort seg bemerka med sine elektriske og hybridelektriske fartøy og sitt sterke fokus på berekraftige naturopplevingar.

Og ikkje minst: Havtech har også solide røter lokalt. Sjøprodukt AS frå Bremanger er ein av samarbeidspartnarane som har vore viktige på vegen.

At regionale og framtidsretta verksemder vel å satse på Havtech, betyr mykje - både for selskapet og for den maritime næringa i regionen, fortel Ann Kathrin. Det er slik tillit og samarbeid som driv utviklinga vidare.

Her er eit lite utsnitt av dei mange kundane som brukar Ombord.

Havtech er opptekne av at teknologi skal vere tilgjengeleg for alle, uansett alder og erfaring, med mål om at alle skal kjenne seg heime i systemet. Difor byggjer dei løysingar som liknar på app‑funksjonar folk kjenner frå privatlivet. Det gjer terskelen låg, og gir både lærlingar og sjøfolk med fleire tiår bak seg moglegheit til å jobbe på same digitale plattform. Appen gjer det òg mogleg for mannskapet å dele kalender med vener og familie, ein liten, men viktig funksjon som gjer kvardagen enklare for alle som lever med turnus.

Under bedriftsbesøket fekk òg trainee Dimana sjå ein full demonstrasjon av systemet. Gjennom demoen kom det tydeleg fram kor intuitivt og oversiktleg Ombord er, og korleis løysinga kombinerer avansert funksjonalitet med eit brukarvennleg grensesnitt.

 

Ombord omfattar mellom anna:

  • Turnus- og vaktplanlegging

  • Timar / Kviletid

  • HR

  • Payroll

  • Lottkalkulator

  • Operasjonsplanlegging

  • Kommunikasjon

  • Logistikk og dokumentasjon

  • Sikkerheitsstyringssytem

  • Vedlikeholdssystem

Systemet er bygd som ei open plattform, noko som gjer det mogleg å utveksle data med andre system og tenester. Det gir meir sømlause arbeidsprosessar, mindre manuelt arbeid og færre feil. For både mannskap og administrasjon betyr dette betre oversikt og tilgang til oppdatert informasjon i sanntid.

Ein av dei mest verdsette funksjonane er at fartstida kan sendast inn automatisk til Sjøfartsdirektoratet. Det som tidlegare kravde manuell registrering punkt for punkt, kan no gjerast på få sekund. Internt blir dette omtala som ei løysing som nesten verkar for god til å vere sann, og nettopp slike forenklingar er kjernen i Havtech sitt arbeid.

 

KI som støtte i kritiske situasjoner

Havtech har òg byrja å integrere kunstig intelligens i systema sine. Då det nyleg var jordskjelv på Filippinane, kunne KI-funksjonen raskt sjekke om mannskap frå rederiet befant seg i området. Havtech synleggjorde denne praktiske, tryggleiksskapande teknologien då dei deltok på HavExpo 5.-7. mai i Bergen.

 

Ei verksemd som gjer ein forskjell

Denne bodskapen viser korleis Havtech set kundane først og jobbar for konkrete, praktiske forbetringar i kvardagen deira.

Ann Kathrin, oppsummerer det best sjølv: «Når vi ser at ting blir enklare - då har vi lukkast.»

Med kombinasjonen av teknologikompetanse, lokal tilknyting og ekte nysgjerrigheit på brukarane sine behov utviklar Havtech løysingar som gjer ein forskjell for alt som flyt. Enten det handlar om sjarkfiskaren eller hurtigbåtmannskapet, byggjer dei framtidas maritime arbeidsplass - frå Holmedal og ut langs heile kysten.


Har du lyst til å sjå korleis Havtech gjer kvardagen enklare på sjøen? Ein demo er berre eit par klikk unna på havtech.no.


Som medlem av Hub for Ocean får Havtech tilgang til eit breitt og relevant nettverk i den blå næringa. Det gir rom for samarbeid, utvikling og synlegheit - og viser at dei ikkje står åleine, men er ein del av eit større økosystem som saman formar framtida for maritime og havbaserte næringar. Her møter dei andre aktørar som deler same visjon om å løfte bransjen gjennom teknologi, kunnskap og berekraftige løysingar.


 

Dimana S. B. Helle

Trainee kommunikasjon og eventkoordinering

+47 95070528

E-post

 
 
Neste
Neste

Over 100 ferske fagarbeidarar går ut i arbeidslivet