Over 100 ferske fagarbeidarar går ut i arbeidslivet
Foto: Ole Johnny Devik.
20. mars gjekk ei av dei viktigaste feiringane for yrkesfaga i Vestland av stabelen.
Det var heilt fullt – over 230 møtte opp. Foto: Ole Johnny Devik.
I Førde tok over 100 ferske fagarbeidarar imot fagbrevet sitt - eit synleg bevis på innsats, meistring og ei kompetanse regionen vår er heilt avhengig av. Mange har kombinert arbeid, skule og andre forpliktingar undervegs, og fagbrevet er eit tydeleg bevis på at dei har stått løpet ut. No er dei klare for neste steg i arbeidslivet, med kompetanse Vestland verkeleg treng.
Markeringa er eit felles løft frå dei sju opplæringskontora i HUB yrkesfag som samlar fagarbeidarar frå heile 17 ulike fag. Pro Vestland er eitt av miljøa som står skulder ved skulder i dette samarbeidet, og som gjennom året bidreg sterkt til å følgje opp lærlingar og fagmiljø i regionen.
Desse yrkessjåførane har no fått utdelt fagbreva sine. Foto: Ole Johnny Devik.
«Den største verdien ligg i fellesskapet. Når vi samlar så mange fagmiljø, synleggjer vi breidda og styrken i yrkesfaga - og ikkje minst kor avhengige vi er av kvarandre. Det gir stoltheit til fagarbeidarane og tydelegheit til samfunnet: Dette er ikkje enkeltprestasjonar - dette er eit lagarbeid som byggjer regionen. Samtidig skapar det ein arena der unge og vaksne, bedrifter og opplæringsmiljø møtest. Det styrkjer både identitet, rekruttering og samarbeid vidare» fortel Jorunn Eide Kirketeig, dagleg leiar i Pro Vestland Opplæringskontor.
Blueboy frå Stryn stod for musikken. Foto: Ole Johnny Devik.
Prognosane viser at Vestland vil trenge langt fleire fagarbeidarar dei komande åra.
For mange bedrifter er dette allereie merkbart.
Under markeringa gjekk fylkesordførar Jon Askeland på scena med si helsing. Åsmund Bertelsen, leiar for hovudutvalet for opplæring, delte ut fagbreva, og Wenny Irén Hansen, leiar for yrkesopplæringsnemnda, ønskte dei nye fagarbeidarane velkomne inn i yrkeslivet. Samstundes fungerte markeringa som ein møteplass der unge og vaksne, bedrifter og opplæringsmiljø kom saman - noko som styrkjer både identitet, rekruttering og vidare samarbeid i regionen.
For mange er dette ein av årets mest inspirerande dagar. Jorunn Kirketeig set ord på det slik:
«For meg er dette ei av dei finaste markeringane vi har. Det handlar om menneske som har stått i eit løp, valt ein praktisk veg og gjennomført. Eg kjenner på stoltheit på deira vegner, men også på vegner av alle bedrifter og fagfolka som har bidrege.»
Foto: Ole Johnny Devik.
Og for regionen betyr det endå meir. Kvar fagarbeidar som står på scena denne kvelden, er ein ressurs Vestland treng – i industrien, i bygg og anlegg, i service, i handel og i alle dei andre faga som held hjula i gang. Som Jorunn fortel, er dette konkret verdiskaping. Dette er framtida vår i praksis.
Samtidig som vi feirar dei nye fagarbeidarane, ønskjer vi i Hub for Ocean å løfte fram at fleire av medlemsbedriftene våre ønskjer seg fleire lærlingar.
Ta gjerne ein tur innom nettsida vår og sjå medlemmane våre!
Moglegheitene er mange, og behovet er stort.
Fylkesordførar Jon Askeland skryt av ungdommen og hyller dei ferske fagarbeidarane. Foto: Ole Johnny Devik.