Vestland får nye midlar til hurtiglading

Vestland fylkeskommune har fått nye midlar til å støtte etablering av hurtiglade-infrastruktur i 2026.


No startar arbeidet med å kartleggje kvar behovet er størst, og fylkeskommunen inviterer kommunar, næringsliv og andre aktørar til å melde inn forslag til nye eller oppgraderte ladepunkt.

Midla kjem i ei tid der etterspurnaden etter rask og påliteleg lading aukar både for personbilar og tunge køyretøy. Den nyleg vedtekne strategien for ladeinfrastruktur i Vestland slår fast at fylket treng fleire strategiske ladepunkt for å halde tritt med utviklinga , og for å sikre at både næringsliv og innbyggjarar kan ta i bruk utsleppsfrie transportløysingar utan hinder. Les meir om strategi for ladeinfrastruktur i Vestland her.

Innspela som kjem inn no, blir ein viktig del av grunnlaget når hovudutval for næring skal handsame saka 28. mai. Der skal politikarane bestemme korleis ordninga skal innrettast i 2026, før midlane blir lyst ut med søknadsfrist 24. juni. Målet er å gjere tildelingane klare til møtet i hovudutvalet 25. august.

I fjor fekk mange kommunar støtte gjennom ordninga, der fylkeskommunen kan dekke inntil halvparten av etableringskostnadene. Driftskostnadar vert ikkje dekka. Erfaringane frå 2025 viser at målretta støtte kan gi rask framdrift i ladeutbygginga, og fylkeskommunen ønskjer no å halde oppe tempoet. Les meir om tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy og tunge køyretøy 2025 her.

Samtidig minner fylkeskommunen om at det også finst støtteordningar for normalladarar ved reiselivsdestinasjonar, og at Enova tilbyr ei rekkje tilskot knytt til tunge køyretøy, frå forprosjekt og depotlading til innkjøp av elektriske lastebilar.

Vestland fylkeskommune oppmodar alle som kjenner til lokale ladebehov, store eller små, om å sende inn innspel. Målet er å sikre eit robust, framtidsretta og geografisk rettvist ladenett i heile fylket.


Har du nokon spørsmål, ta kontakt med:

Torill Monstad, Seniorrådgjevar seksjon for grøn næringsinfrastruktur. Avdeling for næring, plan og innovasjon.

Neste
Neste

Ny støtteordning skal styrkje forskingsbasert innovasjon i Vestland