Ny støtteordning skal styrkje forskingsbasert innovasjon i Vestland

Vestland fylkeskommune lanserer no Forskingsfinansiering Vestland, ei ny støtteordning som skal gi næringslivet i fylket eit kraftig løft innan forskingsbasert innovasjon. Utlysinga er open, og bedrifter som sender inn søknad innan 15. mai 2026, vil få svar før sommaren.


Forsking + omstilling = sant

Finansieringsordninga er etablert for å gjere det enklare for bedrifter å utvikle forskingsbaserte innovasjonsprosjekt i samarbeid med forskingsmiljø. Gjennom støtte til forprosjekt skal fleire gode idear kunne utviklast vidare til større forskings- og utviklingsprosjekt.

Dette skal igjen legge grunnlag for nye løysingar, produkt og tenester som kan skape berekraftig verdiskaping i regionen. Bedrifter kan søkje om inntil 500 000 kr per prosjekt. 

 

Kven kan søkje?

Ordninga er open for kommersielle bedrifter med verksemdsadresse i Vestland. Bedrifta må vere eit aksjeselskap og ha tilsette i prosjektperioden. Prosjekta må ha eit klart forskingsinnhald som kan gi ny kunnskap og innovasjon.

Bedrifter som vurderer å søkje, kan få rettleiing frå ein kompetansemeklar.

Meir informasjon om ordninga og søknadsprosessen finn du her: Forskingsfinansiering Vestland.

 

Digital prosjektverkstad 14. april

For verksemder som ønskjer å lære meir om korleis ein strukturerer og planlegg forskings- og innovasjonsprosjekt, arrangerer fylkeskommunen ein digital prosjektverkstad 14. april kl. 12–15.

Her får deltakarane praktiske råd og verktøy for å utvikle gode prosjektidéar.

Meir informasjon og påmelding finn ein her.


Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:

Marie S. Knutsen, koordinator for FORREGION Vestland i Seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering, Avdeling for innovasjon, plan og næring.

Neste
Neste

Ny fiskerihamn i Kalvåg: Ei stor satsing for Vestlandet