Ny fiskerihamn i Kalvåg: Ei stor satsing for Vestlandet
Oversiktsbilde over Kalvåg. Kilde: Norgeskart og Menon Economics.
Kystverket startar bygginga av ei ny fiskerihamn i Kalvåg i august - den einaste fiskerihamna sør for Stad som er prioritert i Nasjonal transportplan.
Prosjektet, der Norconsult er engasjert som rådgivar og ansvarleg for detaljprosjektering og nødvendige tillatelser, vil få stor betydning for kystfiskeflåten i regionen.
Hamnesjef i Bremanger kommune, Monica Sande, understrekar kor mykje denne prioriteringa betyr for lokalsamfunnet:
«Når staten vel å prioritere Kalvåg så høgt, er det ei anerkjenning av den enorme verdiskapinga som skjer her. Det er ikkje berre ei utbedring av ei hamn; det er ei investering i framtida for heile kystsamfunnet vårt.»
Kalvåg har lenge hatt utfordringar med mangel på liggeplassar og lite tilgjengeleg næringsareal for fiskarar. Den tidlegare liggehavna vart omgjort til turist- og fritidsbåthamn, og mange fiskarar har måtta ligge i andre hamner eller hatt redskapsboder utanfor Kalvåg. Dette har gitt både ekstra kostnader og redusert rekruttering til fiskeriyrket.
Ifølgje analysar frå Menon Economics vil ei ny fiskerihamn kunne snu denne utviklinga. Om lag ti nye fartøy har alt signalisert at dei vil flytte til Kalvåg dersom ny hamn blir etablert, noko som kan gi auka aktivitet, meir landing av fangst og nye ringverknader for lokalsamfunnet.
Monika peikar på at satsinga ikkje berre handlar om dagens behov, men om å sikre framtidig vekst:
«Med nye moloar og eit utdjupa hamnebasseng legg vi til rette for at kystflåten vår kan liggje trygt, uansett kva krefter naturen byr på. Dette sikrar heilårsdrift ved mottaka og forutsigbare arbeidsplassar for lokalsamfunnet. Utvidinga på Kalvøya opnar samstundes dørene for ny industri, teknisk kompetanse og auka busetjing, noko som vil styrke Bremanger kommune i generasjonar framover.»
Prosjektet omfattar ei omfattande utbygging av hamneområdet, inkludert:
Utdjuping av grunner og havnebasseng
Etablering av nye moloar i vest og aust
Sprenging og utfylling for nye industriområde nord og sør
Nedsprenging av Høgholmen for betre adkomst
Nye sjømerker og tryggare innsegling
Totalt skal det mudrast og sprengast om lag 95 000 pfm³ massar, og det skal fyllast ut 188 000 pam³ i sjø. Massane blir gjenbrukte i moloar og nye industriområde, noko som gir effektiv massehandtering og lågare miljøbelastning. Gjenbruket reduserer behovet for transport av nye masser, minimerer inngrep i nærliggende natur og bidrar til mindre utslipp og mindre samlet påvirkning på miljøet.
Den nye fiskerihamna vil:
Gi fleire og tryggare liggeplassar for kystflåten
Redusere tidsbruk og kostnader for fiskarar som i dag ligg andre stader
Styrke fiskemottaket og maritim næring i Kalvåg
Skape nye næringsareal for redskapsboder, naust og verksemder
Redusere risiko for grunnstøyting og ulykker i innseglinga
Bidra til lågare klimagassutslepp gjennom kortare transportavstandar
Anleggsperioden er berekna til 1-2 år.
Kalvåg står dermed framfor ei av dei største fiskerihamnsatsingane i regionen på fleire tiår - ei investering som kan styrke både lokalsamfunnet, fiskerinæringa og den maritime verdikjeda i Vestland.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Hamnesjef Monica Sande