Tersan Havyard skal bygge om tre ferjer for Fjord1

 

Pressemelding


Tersan Havyard har signert kontrakt med Fjord1 for ombygging av tre ferjer til hybridelektrisk drift. Prosjektet omfattar ferjene MF Losna, MF Hornelen og MF Nordfjord, som skal oppgraderast for å møte nye krav i komande samband.

MF «Hornelen» Foto: Svein Bjørnevoll

Ombygginga inneber installasjon av hybridelektriske løysingar i tråd med krava frå Fjord1 sin oppdragsgivar Vestland fylkeskommune/Skyss. Desse krava er ein del av ei større omstilling til meir miljøvennleg teknologi og styrkjer verftet si posisjon innan grøn omstilling og berekraftige maritime løysingar.

For Tersan Havyard er kontrakten av stor betydning. Han sikrar jamn aktivitet og stabil bemanning, samstundes som han legg til rette for optimal utnytting av verftet si kapasitet i kombinasjon med pågåande nybyggingsprosjekt.

– Mykje godt arbeid har blitt lagt ned av fleire partar for å finne det beste løpet for desse prosjekta. Det er saman ein skaper dei gode resultata, og her har ein hatt ein god dialog heilt fram til kontrakt mellom alle partar. Vi gler oss til å få skipa til kai, seier Inge Jacob Nyland, salssjef i Tersan Havyard.

Samarbeidet mellom Fjord1 og Tersan Havyard strekkjer seg over mange år og omfattar 13 nybygg, i tillegg til ei rekkje serviceoppdrag og ombyggingar. Partane har utvikla eit tett samarbeid basert på felles mål om å finne gode og framtidsretta løysingar.

– Vi set stor pris på tilliten Fjord1 viser oss gjennom denne kontrakten. Vi har brei erfaring med både bygging og ombygging av elektriske og hybridelektriske ferjer, og har utvikla solide prosessar for effektiv planlegging og gjennomføring av slike prosjekt. Dette er arbeid vi kjenner godt, og vi ser fram til å starte opp over sommaren, seier Tor Leif Mongstad, administrerande direktør i Tersan Havyard.

Som kombinasjonsverft med både nybygg og service- og ombyggingsaktivitet meiner selskapet at denne modellen gir grunnlag for stabil og berekraftig drift – til fordel for tilsette, kundar og lokalsamfunnet. Samstundes arbeider dei vidare med planar om å auke dokkekapasiteten for å møte framtidig etterspurnad.


Tersan Havyard

Tersan Havyard har vore i drift sidan 1918, og har omfattande kompetanse innan levering av nybygg uavhengig av design, utrusting, reparasjonar og ombygging av skip. Med solide system for prosjektstyring og kvalitetssikring, fleksibilitet og høgt kvalifiserte medarbeidarar leverer verftet avanserte fartøy av topp kvalitet.


Tor Leif Mongstad

Du kan lese meir om Tersan Havyard på nettsida: www.tersanhavyard.no

For ytterlegare opplysningar, vennlegst kontakt:

CEO : Tor Leif Mongstad

Mobil: 900 48 483

Sales Manager: Inge Jacob Nyland

Mobil: 958 05 306

 
Neste
Neste

HubSirk 2026