HubSirk 2026

Frå verdikjede til verdikrets 

HubSirk inviterte næringsliv, forvaltning og fagmiljø til ein sirkulær yngleplass for å utvikle samarbeid og felles forståing av sirkulærøkonomi og verdikjedetenkning.  

Gjennom inspirerande foredrag, praktiske døme, gruppeoppgåver og målretta nettverksbygging utforska deltakarane korleis vi kan gå frå lineære til sirkulære verdikjeder, og saman identifisere barrierar og korleis dei kan brytast ned i fellesskap.  

Totalt 56 engasjerte deltakarar jobba saman i grupper gjennom desse to dagane på Hellenes Yard i Førde. Gruppene utarbeida nye sirkulære verdikjeder basert på ressursar/sidestrømmar i regionen. Verdifulle ressursar som har potensiale til å legge grunnlag for industriell symbiose, ved å sjå desse verdikjedene i samanheng.  

Sosial symbiose var eit underliggande tema under heile konferansen. Det er eit begrep vi har henta frå Sverige (Sotenäs Symbioscentrum), og har blitt eit etablert begrep her i regionen. Det handlar om å skape samarbeid på tvers av sektorar og forstå kvifor og korleis vi må jobbe saman for å oppnå sirkulære verdikjeder gjennom kunnskapsdeling, relasjonsbygging og felles utvikling.   

Dette er eitt av dei mest inspirerande og nyttige arrangementa eg har vore med på, i heile mi 41 årige yrkeskarriere!
— Magne Reidar Førde, Sunnfjord Kommune

Frå rammeverk til lokale løysingar for sirkulær verdiskaping

Konferansen opna med Cathrine Barth frå Natural State, som satte eit breitt nordisk perspektiv på sirkulærøkonomien. Med utgangspunkt i sommarfugldiagrammet  synleggjorde ho korleis biologiske og tekniske ressursar kan haldast i kretsløp, og løfta fram eksemplar frå heile Norden der politikk, næringsliv og forvaltning dreg i same retning for å utvikle ein meir sirkulær økonomi. 

Lene Borgen Waage frå Vestland fylkeskommune presenterte R-Rammeverket, som samlar fleire sirkulære strategiar og ho knytta det til konkrete verdikjeder i Vestland.  

Silje Båtsvik Risholm tok opp verdihierarkiet, og peika på korleis bioressursar kan brukast til fleire formål, men at høyverdige ressursar bør utnyttast så høgt i hierarkiet som mogleg. Ho hadde særleg fokus på fôrproduksjon, og korleis riktige prioriteringar i verdihierarkiet kan gi ein meir berekraftig bruk av ressursane.  

Desse teoretiske modellane la grunnlaget for verkstadane, der deltakarane sette modellane inn i ein regional samanheng og utforska korleis lokale ressursar/sidestrømmar kan utnyttast smartare på tvers av næringar. 

Gjennom konkrete eksemplar frå Norge fekk deltakarane også sjå korleis sirkulærøkonomi allereie omsetjast til praksis og nye marknader. 
Samson Steindal Vonen frå CapiPro viste korleis fiskeslam kan brukast som fôr til børstemark, eit høyverdig protein med potensial i både agn- og fôrindustrien. 

Gjermund Bahr frå NIBIO presenterte korleis næringsstoff i fiskeslam kan nyttast til produksjon av omega3olje, mens Wenche Uksnøy frå NCE Blue Legasea synleggjorde korleis samarbeid mellom konkurrentar kan opne nye markedsmuligheiter i petfoodsegmentet gjennom felles innovasjon og kompetansedeling.

Charlotte Berg fra Sotenäs Symbioscentrum i Sverige delte erfaringer med industriell og sosial symbiose, og viste korleis tett samarbeid mellom kommune, næringsliv, akademia og innbyggere kan skape konkrete, lokale løysingar. 

Til slutt presenterte Agnar Hellenes fra Hellenes Industries AS planane for eit ressursknutepunkt i regionen. Skape eit system for bedre ressursflyt der biprodukt, restråstoff og energi nyttast lokalt gjennom samlokaliserte prosesser som tørking og pyrolyse, til beste for både ressursutnyttelse, miljø, økonomi og beredskap. 

Gjennom kombinasjonen av teori, nordiske perspektiver, norske markedsmuligheter og praktisk gruppearbeid ga HubSirk deltakerne en felles forståing for sirkulærøkonomi, og verktøy og inspirasjon til å ta neste steg mot ein meir sirkulær og verdiskapende region. 

HubSirk legger et godt grunnlag for det videre omfattande arbeide for å realisere sirkulære verdikjeder og på sikt oppnå industriell symbiose.  

Tilbakemeldingar

Etter HubSirk fikk vi deltakarane til å svare på eit spørreskjema, her er ei lita oppsummering frå nokre av innspela som stadfestar at vi er på god vei til å bygge opp sosial symbiose rundt sirkulære verdikjeder.  

 

Sommarfugldiagrammet. Kilde: Ellen MacArthur Foundation

R-Rammeverket. Kilde: Norce

Verdihierarkiet, kilde: BioDigSirk 2022

Kilde: Sotenäs Symbioscentrum

Ofte har man en tendens til å gå veldig spesifikt inn i hver enkelt næring, men innen sirkulærøkonomi må man involvere flere aktører - blant annet innen energi og slam. HubSirk samler disse aktørene og gjør det enklere å samarbeide på tvers av fagmiljøer.
— Elisabeth Adele Holmen Dye, Vestland fylkeskommune
Veldig fint å komme til HubSirk og bidra i diskusjonen med så mange kloke hoder! For å lykkes med å ta vare på og optimalisere sunn bruk av ressursene våre har jeg klokketro på at samarbeid og kunnskap  på tvers av verdikjeder er en av nøklene. OG, vi må våge i større grad å snakke om at økt sirkularitet må være lønnsomt og at der må finnes et betalingsvillig marked. Ser frem til mer samarbeid mellom oss i Møre og Romsdal og Vestlandet på denne tematikken.
— Wenche Uksnøy, NCE Blue Legasea
 

Takk til vår samarbeidspartnar og sponsorar

 
 
 
Neste
Neste

Velkommen NextLayer