Hub for Ocean støttar realiseringa av Stad skipstunnel
Dei komande månadene blir avgjerande for framtida til Stad skipstunnel, eit av dei mest ambisiøse og samfunnsnyttige samferdselsprosjekta langs norskekysten. Stortinget skal handsame saka på nytt, og det er viktig at alle som ønskjer å sjå tunnelen realisert, står samla og synleggjer prosjektet si betydning for tryggleik, verdiskaping og utvikling i kystsamfunna.
Bilder hentet fra SST-brosjyren til www.skipstunnel.no
Hub for Ocean, saman med mellom anna Måløy Vekst, støttar oppropet for Stad skipstunnel, og oppmodar bedrifter, organisasjonar og offentlege aktørar til å signere og spre bodskapen vidare.
👉 Les mer om stad skipstunnel her: KLIKK HER
👉 Signer oppropet her: KLIKK HER
Eit historisk farvatn, med moderne utfordringar
Stad er kjent som eit av dei mest vêrutsette og farlege havområda i Noreg. Faktisk var det så krevjande at sjølv vikingane måtte gå ut av båtene og bere dei over land for å unngå dei brutale forholda. Farane har ikkje blitt mindre med tida, og moderne fartøy møter framleis store utfordringar i dette området.
Stad skipstunnel vil gi trygg og føreseieleg ferdsel året rundt, og erstatte ei farleg og ineffektiv skipslei. Mindre fartøy må ofte ligge til kai i dårleg vêr, medan større fartøy må ta lange omvegar til havs. Tunnelen vil fungere som ei maritim snarveg, på same måte som vegtunnelar og bruer gjer for landtransport.
Prosjektet vil:
styrkje eksport og konkurransekraft for norsk næringsliv
binde Vestlandet betre saman og skape nye bu- og arbeidsregionar
redusere utslepp og gi store miljøgevinstar
opne for ny turisme og utvikling av kystsamfunn
auke beredskapen og tryggleiken langs kysten
I tillegg har Stad skipstunnel like god samfunnsøkonomisk nytte som fleire store jernbaneprosjekt på Austlandet. Det er difor viktig at prosjektet blir framstilt som eit strategisk grep for å styrkje sjøvegen og den maritime infrastrukturen i Noreg.
Tida er inne
Styringsgruppa for Stad skipstunnel har utarbeidd eit opprop som no blir spreidd i næringslivet og blant organisasjonar og offentlege instansar. Målet er å vise politikarane at kysten står samla – og at det er brei støtte for å realisere tunnelen.
Hub for Ocean oppmodar alle som er opptekne av tryggleik, berekraft og utvikling langs kysten til å signere oppropet og dele det vidare i eigne nettverk.