Summa Defence inngår intensjonsavtale om tilgang til karbonfiberkompetanse og styrkje skipsbyggingskapasiteten frå Noreg

Pressemelding

 

Summa Defence Plc har inngått ein intensjonsavtale med Brødrene Aa Eiendom AS om å starte opp att drifta ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen.

Brødrene Aa-verftet, velkjent for design og bygging av hurtigbåtar i karbonfiber, gjekk konkurs tidlegare i år etter at tre fartøy under bygging vart kansellerte. Partane planlegg å etablere eit nytt selskap og starte opp att drifta innan slutten av september, ved gradvis å ta inn att tidlegare tilsette for å fullføre prosjekta som var i gang ved verftet og skape ny verksemd.


Vi ser store moglegheiter ved å tre inn med majoriteten av aksjane i det nye selskapet, noko som vil tilføre Summa-konsernet karbonfiberkompetanse, i tillegg til den eksisterande kapasitet vi har innan aluminium og stål. Dette vil styrkje posisjonen vår i skipsbyggingsmarknaden og auke potensialet vårt for skipsbygging til forsvaret. Summa Defence eig frå før to verft i Finland og synergiane mellom Brødrene Aa og desse verfta vil vere viktige, seier konsernsjef i Summa Defence Plc, Jussi Holopainen.

Vi er glade for å ha funne ein seriøs industriell investor i Summa Defence. Summa Defence vil med dei andre verfta sine tilføre både kapital og kompetanse i den nye drifta og styrkje kapasiteten ved verftet i Hyen, seier Gustav Johan Nydal, representant for Brødrene Aa Eiendom.


Design- og ingeniørselskapet Paradis Nautica er òg ein del av oppkjøpet, noko som vil bidra til å styrke Summa-konsernet sine design- og utviklingsressursar ytterlegare.



For meir informasjon:

Jussi Holopainen, konsernsjef

Telefon: +358 44 517 4543

E-post: jussi.holopainen@summadefence.com

Pressekontakt:

Tommi Manninen, kommunikasjonsdirektør

Telefon: +358 400 437 515

E-post: tommi.manninen@summadefence.com


Om Summa Defence

Summa Defence Plc er eit finsk forsvars- og tryggingsteknologikonsern som bidreg til industriell vekst og styrking av produksjonskapasitet i ei tid med geopolitisk uro. Summa Defence har særleg fokus på teknologiar innan forsyningstryggleik, situasjonsforståing, mobilitet og forsvar. Desse kjem både sivil-, tryggleik- og forsvarssektorane til gode, samstundes som det styrkjer totalforsvaret, forsyningstryggleiken og krisehandteringsevna.

Aksjane i Summa Defence Plc er noterte på Nasdaq First North Growth Market i Sverige (SUMMAS) og Finland (SUMMA).

www.summadefence.fi/en/

Selskapet sin sertifiserte rådgjevar er Augment Partners AB, info@augment.se, tlf. +46 8-604 22 55.

Neste
Neste

Strukturplast AS utvider samarbeidet med Kongsberg Maritime