Ny løysing skal sikre lokal verdiskaping i Stad skipstunnel-prosjektet
I ei felles satsing lanserer Måløy Vekst og Hub for Ocean no ein ny digital portal som skal gjere det enklare for lokale leverandørar å få innpass i det historiske prosjektet med bygginga av Stad skipstunnel. Portalen blir tilgjengeleg på nettsida til styringsgruppa for Stad skipstunnel, www.skipstunnel.no, frå 5. mai.
– Stad skipstunnel er det største infrastrukturprosjektet i vår region nokon gong, og det er avgjerande at lokalt og regionalt næringsliv får ta del i verdiskapinga, seier Frank Willy Djuvik, dagleg leiar i Måløy Vekst.
Den nye portalen vil vere open både for dei om lag 200 leverandørane som alt står på lista, og for andre bedrifter som ønskjer å tilby varer, tenester eller mannskap til prosjektet. Dei som alt står oppført får no moglegheit til å legge inn meir utfyllande informasjon om si verksemd, kva dei tilbyr, og korleis dei kan bidra til tunnelbygginga.
– Dette handlar om å gjere det enklare for entreprenørane å finne dei rette lokale samarbeidspartnarane, seier Roger Bareksten i Hub for Ocean. – Ved å samle alt i ein felles portal, sørger vi for at informasjonen er lett tilgjengeleg og oppdatert, noko som aukar sjansane for at lokale leverandørar faktisk blir nytta.
Kystverket har tidlegare understreka at det er entreprenørane som skal velje leverandørar i denne fasen, men har samstundes oppmoda lokale aktørar om å ta kontakt. Den nye portalen gir no eit strukturert verktøy som gjer det lettare for begge partar å finne kvarandre.
– Vi må sikre at alle som har noko å tilby, også får sjansen til å verte synleggjort og får moglegheit til å bidra til realisering av dette viktige samferdsleprosjektet. Det er heilt avgjerande for sysselsetting, kompetanseutvikling og lokal verdiskaping, seier Djuvik. – Når vi no etablerer denne portalen, så legg vi eit viktig grunnlag for at fleire lokale aktørar kan vere med å forme framtida for regionen vår.
Portalen blir ein del av verktøya som entreprenørane kan bruke i arbeidet med å kartlegge aktuelle samarbeidspartnarar i regionen, og vil vere eit viktig supplement til leverandørlista som alt er inkludert i konkurransegrunnlaget.
– Vi veit det finst mange relevante leverandørar med nødvendig kompetanse som ønskjer å kome i posisjon for å vere med på realiseringa av dette prosjektet både i Stad, Vanylven, Kinn og resten av regionen. Denne portalen skal hjelpe oss med å synleggjere det, seier Bareksten.
Hub for Ocean og Måløy Vekst vil også arbeide for å få på plass ein leverandørdag i samarbeid med Kystverket, til hausten når tildelinga er gjort.
Portalen vil være tilgjengeleg via Måløy Vekst og Hub for Ocean sine heimesider, samt skipstunnel.no frå 5.mai.
Har du spørsmål eller kommentarar?