Framtidas kompetanse: Frå seminar til nettverk for berekraftig rekruttering

Dato: 22. mai 2025
Tid: 10:00–13:30
Stad: Florø Kulturhus

Framtidas arbeidsliv startar her!

Torsdag 22. mai inviterer vi næringsliv, offentleg sektor, utdanningsaktørar og engasjerte innbyggarar til ein inspirerande og viktig samling i Florø Kulturhus. Under tittelen Framtidas kompetanse – Frå seminar til nettverk for berekraftig rekruttering skal vi saman starte ei ny retning for rekruttering og kompetanseutvikling i regionen.

Dette er ikkje berre eit seminar – det er starten på noko større: ei kraftsamling for alle som ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling av arbeidslivet i vår region. I møte med utfordringar som demografiske endringar, kamp om kompetanse og endra behov i arbeidslivet, må vi tenkje nytt – og vi må gjere det saman. Derfor er vi mange som er saman om dette initiativet: Kinn kommune, Aksello, Flora industri- og næringsforening, Måløy Vekst og Hub for Ocean.

Samlinga er ein direkte respons på innspel frå bedriftene i nettverket. Mange opplev stor vekst om dagen, og med den suksessen kjem også utfordringar på rekrutteringsfronten. Andre må tenke nytt, og jaktar ny type kompetanse. Også dette krever nye tilnærmingar til rekrutteringsarbeidet.

Tilgang på fagarbeidarar er nøkkelen for mange

SSB anslår at Norge kan mangle 85 000 fagarbeidarar i 2035. Samtidig er yrkesfag meir populært enn nokon gong. Årets søkertall viser at 54 prosent vil gå yrkesfag på videregåande skole, og dette er den høgaste andelen i Norge nokonsinne. Aukinga er størst til teknologi- og industrifag og helse- og oppvekstfag.

Det er i tillegg rekordmange som fullfører, og får med seg fagbrevet ut i arbeidslivet. Og aldri før har så mange nyutdanna fagarbeidarar komt seg raskt i jobb.

Eit program med engasjement og innsikt

På samlinga får vi innblikk frå ei rekke aktørar – frå næringslivet, skuleverket, kommune og frivillig sektor – som alle deler erfaringar, idear og konkrete løysingar:

  • Vi ser på kva endringane i befolkningsutviklinga betyr for framtidas arbeidskraft.

  • Vi spør oss om kven framtidas arbeidstakar er?

  • Måløy Vekst utfordrar med formelen Suksess = Begeistring² / Ubehag

  • Livet er meir enn jobb. Kva betydning har U40 for fått for trivsel og tilhørigheit?

  • Framtidsfylket, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Evoy, Kinn kommune, Fjord delar tankar og erfaringar frå sine verksemder.

  • Vi får høyre korleis Cargill, i samagjekk frå å være ei relativt anonym bedrift for lærlingar, til å bli den mest populære lærlingbedrifta.

  • Fjord Base og Fagskulen Vestland fortel om korleis samarbeidet dei i mellom, gir nødvendig kompetanseutvikling

Nettverk for berekraftig rekruttering
Dette er for alle som brenn for rekruttering, kompetanse og ei berekraftig utvikling av arbeidslivet i vår region. Dette er ikkje berre eit seminar – det er starten på eit fellesskap. Eit nettverk for dei som vil samarbeide, lære av kvarandre og finne løysingar på framtidas utfordringar.

 

Har du spørsmål om arrangementet?

Ta gjerne kontakt.

Roger Bareksten

Hub For Ocean
Senior næringsutvikler
+47 953 66 371
E-post

LinkedIn

Andrea Bjørkaas

Aksello
Prosjektleiar - strategi og samarbeid
+47 989 07 309
E-post

LinkedIn

Framtidas kompetanse er eit samarbeidsprosjekt mellom

Neste
Neste

Ny løysing skal sikre lokal verdiskaping i Stad skipstunnel-prosjektet