Tilbake til alle arrangementer

Førjulsgløgg i Førde

Når: Torsdag, 3. desember 14:00 – 15:00.
Kor: Hellenes, Øyrane 12, Førde
Medlemsbedrifter i Hub for Ocean kan melde seg på her.


2020 har vore eit rart år. Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund, inviterer alle medlemsbedrifter i Førde-området til ein prat året som har gått og tida som kjem. Her er det gløgg, noko lite å bite i frå Siri's Soulfood og ein ypparleg sjanse til å komme med innspel til Hub for Ocean.

Førjulsgløgg i Førde er eit gratis arrangement for medlemsbedrifter i Hub for Ocean. Det er maks 20 deltakarar på arrangementet for å gjere det enkelt å halde 1 meter avstand.

F%C3%B8rde+%282%29.jpg

Smittevern

Hub for Ocean tek smittevern på alvor. Vi leggjer opp til 3 fysiske samlingar i Førde, Måløy og Florø slik at det er kort reiseveg for dei fleste av medlemsbedriftene i Hub for Ocean.

  • For å enkelt halde minimum 1-meter avstand er det sett eit tak på maks 20 deltakarar per arrangement. Her er det første mann til mølla som gjeld! Du melder deg på her.

  • Vi fører liste over alle som er til stades for å gjere det mogleg med smittesporing dersom det blir naudsynt.

  • Desinfeksjonsvæske kjem til å vere utplassert.

  • Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon må du halde deg heime.


Program

14:00 - 14:05 Vi fyller opp koppen med gløgg

14:05 - 14:10 Introduksjon

14:10 - 14:30 Runde rundt bordet om tida som har vore og tida som kjem

14:30 - 15:00 Diskusjon: Korleis kan Hub for Ocean best bistå i det vidare utviklingsarbeidet?

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Siri Odijk Solbakken dersom du lurar på noko.

 

Siri Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean

Telefon: 977 53 065
E-post: siri@hubforocean.no

 
Forrige
Forrige
25. november

Førjulsgløgg i Florø

Neste
Neste
10. desember

Webinar: Store marknadsmoglegheiter i Frankrike