Når: 10. desember 13:00 - 14:00
Kor: Digitalt
Med skyhøge klimaambisjonar og milliardar i øyremerka midlar til grøn omstilling seglar Frankrike opp til å bli ein svært attraktiv nasjon å samarbeide med for norske bedrifter.
I samarbeid med Innovasjon Norge inviterer vi til eit webinar om korleis medlemsbedriftene kan ta bruk dette moglegheitsrommet. Frankrike er ein leiande nasjon på grøn omstilling i Europa og har øyremerka fleire milliardar euro for å nå klimamåla. Det skal mellom anna satsast på hydrogen, el-fartøy, smarte hamner, smart offshore-industri og smarte skip. Franske aktørar står heilt i startgropa løysingmessig og melder no si interesse for norske løysingar.
Program
13:00 – 13:05 Velkommen ved Hub for Ocean & Ocean Hyway Cluster
13:05 - 13:35 Grønn omstilling i det franske ferge- og shippingmarkedet:
Muligheter for norske bedrifter
ved Eli Rognerud, Head of Export Innovasjon Norge Paris
& Gyrid Espeland, lead researcher
13:35 - 14:00 Spørsmål og diskusjon
Invitasjon til medlemsbedrifter
Alle norskspråklege medlemmer i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster får kalenderinvitasjon inkludert webinarlenke på e-post. Webinaret finn stad på Microsoft Teams og blir gjennomført på norsk. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar i Hub for Ocean, Siri Odijk Solbakken, dersom du lurar på noko. siri@hubforocean.no.
Bakgrunn
Innovasjon Norge Paris lanserer i desse dagar ein marknadsrapport om grøn omstilling i shipping- og ferjenæringa i Frankrike. Rapporten kan du lese her. Sentrale tema i rapporten:
· Store trendar i den franske maritime marknaden
· Konkrete behov i utvalte segment
· Finansieringsmekanismer og anbodsprosessar
· Franske aktørar er relevant for norske bedrifter som ønskjer å utforske dei franske moglegheitene
Rapporten blir publisert i desember 2020 og medlemsbedriftene får den tilsendt i forkant av lanseringa.
Foto: Sverre Hjørnevik.
Spørsmål?
Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt.