Når: Tysdag, 24. november 13:00 – 14:00.
Kor: Kantina, Odd Fellow-bygget, Måløy.
Påmelding for medlemsbedrifter her.
2020 har vore eit underleg år. Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean, inviterer alle medlemsbedrifter i Måløy-området til ein prat om tida som har vore og tida som kjem. Her er det gløgg, pepperkaker og eit ypparleg høve til å komme med innspel til Hub for Ocean sitt arbeid.
Førsulsgløgg i Måløy er eit gratis arrangement for medlemsbedrifter i Hub for Ocean. Det er maks 20 deltakarar på arrangementet for å gjere det enkelt å halde 1 meter avstand.
Smittevern
Hub for Ocean tek smittevern på alvor. Vi leggjer opp til 3 fysiske samlingar i Måløy, Florø og Førde slik at det er kort reiseveg for dei fleste av medlemsbedriftene i Hub for Ocean.
For å enkelt halde minimum 1-meter avstand er det sett eit tak på maks 20 deltakarar per arrangement. Her er det første mann til mølla som gjeld! Du melder deg på her.
Vi fører liste over alle som er til stades for å gjere det mogleg med smittesporing dersom det blir naudsynt.
Desinfeksjonsvæske kjem til å vere utplassert.
Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon må du halde deg heime.
Program
13:00 - 13:05 Vi fyller opp koppen med gløgg
13:05 - 13:10 Introduksjon
13:10 - 13:30 Runde rundt bordet om året som har gått og planer for framtida.
13:30 - 14:00 Diskusjon: Korleis kan Hub for Ocean best bistå i det vidare utviklingsarbeidet?
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Miriam Edler dersom du lurar på noko.