Tilbake til alle arrangementer

Regional lansering av Horisont Europa

10. november kl. 10.00 – 11.30.


Ved nyttår går startskotet for EU sitt nye forsking- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Her ligg det store moglegheiter aktørar i Vestland som ønskjer å delta i internasjonalt samarbeid og bidra til å løyse samfunnsutfordringar.

På det digitale møtet 10. november vil du få informasjon om Horisont Europa og innblikk i kva som er nytt. Evoy og nLink gir deg gode tips og deler sine erfaringer med å søke støtte hos EU. Du får vite meir om korleis komme i gang og høve til å stille spørsmål. EU-rådgjevarar og nasjonale kontaktpunkt i Forskingsrådet stiller òg til i ein-til-ein samtalar for dei som ønskjer å lufte prosjektideen sin. 

På møtet 10. november møter du:

·  Bård Sandal, fylkesdirektør, avdeling for innovasjon og næringsutvikling, Vestland fylkeskommune.

·  Merete Mikkelsen, direktør, Vest-Norges Brusselkontor.

·  Inger Nordgard, spesialrådgjevar, Norges Forskingsråd.

·  Ingvild Håvardstun Kjørrefjord, EU-rådgjevar, Innovasjon Norge Vestland.

·  Leif A. Stavøstrand, dagleg leiar, Evoy.

·  Roger Flølo, CEO, nLink. 

·  Merete Lunde, spesialrådgjevar, regionansvarleg Vestland, Norges Forskingsråd.

Møteleiar er Ida Tidemann-Andersen, leiar EU-nettverk for Sogn og Fjordane.

Arrangert av:

Arr. regional lansering horisont europa.png
 
Forrige
Forrige
10. november

Gratis seminar innen arbeidsrett og skipsarbeidsrett

Neste
Neste
24. november

Førjulsgløgg i Måløy