Frå land til havs: IT, tryggleik og samarbeid i fokus
Tussa IKT, Industridata og Hub for Ocean inviterer til frukostmøte og set søkjelyset på samarbeid, digitalisering og IT-sikkerheit.
Nyleg inngjekk Tussa IKT og Industridata ei samarbeidsavtale som skal styrke IT-tilbodet til næringslivet på Vestlandet. På frukostmøtet får du høyre meir om bakgrunnen for samarbeidet og kva moglegheiter det opnar for kundane våre. Vi tek også temperaturen på det digitale trusselbiletet og ser nærare på korleis kunstig intelligens kan vere både eit nyttig verktøy og ei utfordring for verksemder.
Tid: Onsdag 9.september kl. 08:00-10:00
Stad: Hamnehuset i Florø
Agenda
Frukost frå kl. 08:00
Tussa IKT og Industridata
Norodd Dyrhovden frå Tussa IKT informerer om samarbeidsavtalen
Industridata – ditt lokale IT-selskap på land og til havs
Dagleg leiar Eivind Gulestøl tek oss gjennom Industridata si historie, tenester og satsingar.
Vi tek pulsen på sikkerheita i IT-miljøet ditt
KI/AI – eit hjelpemiddel eller ein trussel? Norodd Dyrhovden, Tussa IKT
Hub for Ocean
Status og aktivitetar i haust ved dagleg leiar Stein Kvalsund
Vi håpar du vil starte dagen saman med oss for fagleg påfyll, gode diskusjonar og nettverksbygging.
Vel møtt!
Frist for påmelding: 4. september