Tilbake til alle arrangementer

Mini-leverandørtreff Skipavika + besøk Mongstad

24 september inviterer vi medlemmer i Hub for Ocean til å delta på besøk til Skipavika og Mongstad Base. I Skipavika vil det bli omvisning frå dagleg leiar Lars Hellandsjø + mini-leverandøtreff, der alle påmeldte vil få 7-10 minutt til å presentere kva dei leverer av varer og tenester. På Mongstad base blir det ikkje mini-leverandørtreff, men eit besøk med eit utvalg bedrifter.

Opplegg Skipavika:
10.30 - 11.30: Omvisning og introduksjon til Skipavika
11.30 - 13.00: Mini-leverandørtreff - påmeldte bedrifter får 7-10 min til å presentere kva dei kan levere av varer og tenester

Opplegg Mongstad:
13.30: Informasjon frå Mongstad Base og omvisning; kva skjer på basen framover?
14.30: Vi besøker Veltec AS

Praktisk info:
For å rekke over begge områdene, leiger vi båt som vil gå frå Florø-Skipavika-Mongstad-Florø. Max. kapasitet 12 stk, så her er det først til mølla! Ein person per bedrift - vi kan opne for å ta med kollega om det blir plass. Avreise ca. 08.00 frå Florø. Tider kan forandre seg noko, ettersom vi ønsker å tilpasse oss dei som melder seg på.

Pris:
Vi må dekke delar av utlegga våre knytt til båtleige og mat, derfor set vi pris til 1300 + mva per pers.

Er du ikkje medlem, men ønsker å bli det? Eller har du spørsmål?
Kontakt maria@hubforocean.no

Forrige
Forrige
18. september

Conference Maritime Hydrogen & Marine Energy

Neste
Neste
1. oktober

Speed date