1 oktober inviterer vi medlemsbedrifter til vår årlege speed date - i år på Thon Hotel Måløy. Tidspunkt er satt opp slik at det passar med båt til/frå Florø.
Speed date er eit effektiv opplegg der vi ser på moglegheiter for å lever varer og tenester til kvarandre. Vi set saman bedrifter 1-1, kor dei får 7 minutt på å fortelle kva dei kan levere til kvarandre, om det er aktuelle samarbeidsprosjekt eller anna relevant. Arrangementet har kvart år resultert i konkrete kontrakter.
Varigheit: 12.45-15.30
Vi startar med lunsj, deretter får vi to korte innlegg frå næringslivet (Multi Maritime + TBA) før vi går vidare til speed date.
Pris: 1000 kr + mva. Dette inkluderer lunsj.
Eit par dagar i forkant sender vi ut liste over påmeldte, slik at de kan sende innspel til kven de ønsker å møte.
Ikkje medlem? Eller har du andre spørsmål? Ta kontakt med Maria, så ordner vi det!